Opnar døra for Laget – men berre på gløtt
Laget og andre barne- og ungdomsorganisasjonar skal få bruke skular og andre offentlege rom, meiner Stortinget. Men nasjonale retningslinjer blir det ikkje i denne omgang.
I mars fremma KrF eit representantforslag i Stortinget der dei ba «regjeringa utarbeide nasjonale retningslinjer for barne- og ungdomsorganisasjoners tilgang til bruk av skular og andre offentlege rom».
Bakgrunnen for forslaget er at Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, også kjent som Laget, har opplevd at rektorar set foten ned for at dei kan samlast til bønn og andakter i friminuttet. Saka har vore til behandling i Utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget. Tysdag blei det klart kva komiteen har landa på.
I innstillinga ber Stortinget regjeringa om å gå i dialog med Kommunenes Sentralforbund (KS) og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) for å sikre at barne- og ungdomsorganisasjonar får bruke klasserom til å møtast. Samtidig skal partane jobbe for å sikre seg at skuleeigarane ikkje bidreg til usakleg forskjellsbehandling ved utlån.
– No håpar vi å unngå forskjellsbehandling der enkelte rektorar seier ja og andre seier nei. Heile komiteen stiller seg bak dette. I praksis betyr det at Stortinget ber regjeringa om å sette ned eit utval saman med KS og LNU der dei finn ut av korleis dei kan sikre seg at dette blir følgt opp, seier skulepolitisk talsperson Hans Fredrik Grøvan i KrF.
Ikkje lovfesta
I det opphavlege representantforslaget frå KrF tok Grøvan til orde for at det måtte utarbeidast nasjonale retningslinjer for å sikre seg at Laget og andre fekk rett til å bruke rom på skulane. Innstillinga som komiteen har kome fram til, er ein langt mindre forpliktande variant.
– Kvifor har ikkje komiteen gått inn for å få på plass retningslinjer, men heller denne mildare varianten?
– Retningslinjer ville ha vore juridisk bindande, og då må ein inn og endre opplæringslova. Det vil vere kompliserande og ta tid. Vi meiner at innstillinga Stortinget no gir regjeringa er eit tydeleg nok signal. Heile komiteen stiller seg bak dette. Vi ventar at det kjem ei tydeleg anbefaling etter dette arbeidet.
– Men sidan det ikkje blir lovfesta, vil ikkje det vere lett for rektorar å snike seg unna?
– Dette må bygge på ein «gentlemens agreement». Viss det viser seg at det blir eit problem likevel, får vi ta ei ny vurdering, seier Grøvan, og strekar under:
– Dukkar det opp problem i fortsettinga, så skal vi vere vaktbikkje.
– Feigar ut
Generalsekretær i Laget Karl-Johan Kjøde hoppar likevel ikkje i taket av glede når han høyrer innstillinga frå Utdannings- og forskingskomiteen.
– Eg er glad for at komiteen oppmodar til ein reaksjon, samtidig meiner eg at dei ikkje tek inn over seg det faktum at det rundt om kring sit rektorar som får herje fritt med det som er eit demokratisk problem og eit spørsmål om trusfridom, seier Kjøde.
Han trur ikkje komiteen klarer å sjå kor stort og omfattande problemet eigentleg er for dei det gjeld.
– Eg sit med kjensla av at dei feigar ut i forhold til kva som var det opphavlege representantforslaget, seier Kjøde.
– Slepp tigging
Sjølv om det ikkje blei full pott, er paraplyorganisasjonen LNU likevel letta på vegner av dei 400.000 barn- og unge som dei representerer.
– Vi er mange som ideelt sett ønskjer oss retningslinjer, samtidig er vi glade for gjennombrotet og no forventar vi ei endring i praksis, seier Rode Margrete Hegstad som er leiar i LNU.
– For medlemsorganisasjonane våre vil det bety mykje å sleppe å heile tida bli møtt med negative svar. Når lokallagsleiarar i ulike organisasjonar må tigge om ein plass å vere, fører det til at ein kan kvie seg for å skape aktivitetar lokalt, seier ho.
Hegstad trur det positive signalet frå Stortinget vil gjere det enklare for barn og unge å vere engasjert. Samtidig meiner ho blir bra for rektorane å ha noko meir konkret å halde seg til.
– Mange rektorar er nok usikre på kva dei skal svare når Laget og andre spør om å få bruke klasseromma. Dette er eit klart og tydeleg signal om at slike aktivitetar er ein god ting som bidreg til engasjement, seier Hegstad.
På plass neste år
Karl Johan Kjøde i Laget er spent på korleis det blir for Laget å invitere til andakt på klasseromma i tida framover. Han er ikkje oppløfta trass i den delvise støtta frå Utdannings- og forskingskomiteen. Til det trengst det sterkare verkemiddel, meiner han. Neste veke skal innstillinga frå komiteen opp til debatt i Stortinget.
Hans Fredrik Grøvan trur debatten vil bli prega av ei «lovprising» til barne- og ungdomsorganisasjonane som har jobba for å få dette på plass. Sjølv er han godt fornøgd med utfallet.
– Når kan Laget og andre få noko meir konkret å vise til når dei spør om å få bruke klasserom?
– Truleg ein gong neste skuleår, seier Grøvan.