Opnar landets første folkehøgskule for 16-åringar
Indremisjonsforbundet (ImF) har fått grønt lys til å opne Noregs første folkehøgskule for 16-åringar på Sjøholt utanfor Ålesund.
Skulen skal ligge på Sjøholt i Ørskog kommune på Sunnmøre, og det er løyvd 4,2 millionar kroner i statsbudsjettet til prosjektet, i følgje Sunnmørsposten.
Påtroppande rektor ved skulen, Lars Johan Klokk, håpar at alle typar ungdomar vil kome til skulen.
– Skulen skal styrke elevar inn mot vidaregåande skule, både sosialt og fagleg, og vere med og minke fråfallet.
Klokk fortel at skulen skal ha musikklinje, arbeidslivsslinje, samt ulike idrettslinjer med fokus på helse og jakt.
Har gjort for lite
Generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Erik Furnes, kallar prosjektet eit «gullegg». Han meiner at det er god samfunnsøkonomi av regjeringa å støtte skulen.
– Vi har kjend på at vi har gjort for lite for dei ungdomane som slit i det etablerte utdanningsløpet.
Han seier at dei har fått støtte frå storting og regjering, og dei opplever at dette er eit ynskja prosjekt.
– Noreg treng denne skulen. Det er viktig for utdanningssystemet vårt at vi har nokon ventilar, og ikkje trykkjer alle gjennom den same trakta, meiner Furnes.