Opnar landsmøte med kamp for rett til abort
Demokratane og Kamala Harris satsar på at abortsaka skal mobilisere veljarar fram mot presidentvalet.
Landsmøtet til Det demokratiske partiet startar i Chicago i dag.
Den første kvelden stiller tre kvinner på scenen for å fortelje om at dei hamna i kritiske medisinske situasjonar som følgje av innstrammingar i abortlovgivinga i amerikanske delstatar. Det melder New York Times.
– Som visepresident har Harris gjort abort til eit sentralt talepunkt, kanskje litt meir, men ikkje mykje meir, enn Biden, seier historieprofessor John Fea på e-post til Dagen.
Han arbeider ved kristne Messiah University i Pennsylvania. I 2018 gav han ut boka «Believe Me. The Evangelical Road to Donald Trump».
– Abort fremste prioritet
Tidleg i den politiske karrieren sin var Joe Biden oppteken av å framheve dilemmaet i abortspørsmålet. Som katolikk var han personleg imot slike inngrep, men etter kvart har både han og Det demokratiske partiet vorte stadig meir eintydige: Kvinner skal ha rett til fri abort. Det framgår i ein grundig artikkel om utviklinga hans hos NBC.
Eit tilsvarande tvisyn har ikkje makkeren og no erstattaren gitt uttrykk for. Allereie då det i juli var klart at ho kom til å erstatte Biden som kandidat, markerte ho retten til abort som ei sentral sak.
Frå konservativt hald har ho fått mykje kritikk for haldningane sine til spørsmålet.
«Kamala Harris er ein abortekstremist», skriv Ryan T. Anderson i First Things.
Anderson er leiar for tankesmia Ethics and Public Policy Center og medforfattar til boka «Tearing Us Apart: How Abortion Harms Everything and Solves Nothing».
Basert på ein gjennomgang av karrieren til Harris som justisminister i California, senator og visepresident, konkluderer Anderson: Abort er den fremste prioriteten hennar.
Han viser mellom anna til at ho som første sitjande visepresident besøkte ein abortklinikk. Ho la ut på ein turné for å kjempe for «reproduktive rettar», har stemt imot innstrammingar av seinabort og gått inn for offentleg finansiering av abort.
Moderat Trump
Abortspørsmålet går igjen som den store saka blant andre verdikonservative kristne som åtvarar mot Harris. Samstundes er fleire kritiske til at Donald Trump og Republikanarne har tona ned punkta om abort i partiprogrammet.
– Trump vil snakke om prisstiging og kriminalitet, men prøver å halde abortsaka ute, seier førsteamanuensis Alf Thomas Tønnessen ved Universitetet i Agder til Dagen.
I 2022 omstøytte Høsterett abortdommen frå 1973. Denne hadde medført at abort måtte vere lovleg i alle dei 50 delstatane i USA. No er det opp til kvar einskild delstat å avgjere kva lovgivinga skal vere.
– Trump prøver å halde ein litt moderat posisjon, seier Tønnessen.
Ein av dei som er kritiske til dette, er den tidlegare visepresidenten hans, Mike Pence, ifølgje The Hill.
Splittar amerikanarane
54 prosent av amerikanarane kallar seg «pro choice», ifølgje ei undersøking frå Gallup i mai. 41 prosent kallar seg «pro life». Med små variasjonar har dette spørsmålet delt amerikanarane omtrent på midten sidan slutten på 1990-talet.
Men samstundes er det eit stort fleirtal som vil ha ei viss opning for legal abort. Berre 12 prosent vil at det skal vere forbode i alle tilfelle.
Progressiv profil
Abortspørsmålet er likevel ikkje det einaste som utløyser konservativ kritikk mot Harris. Også i spørsmål som kjønnsidentitet, seksualitet, økonomi og miljø har ho ein progressiv profil.
Fleire har også stilt spørsmål ved om Harris vil føre ein mindre Israel-venleg politikk enn Biden, som Dagen skreiv om sist veke.
– Trump omtalar Harris som den mest radikale presidentkandidaten nokon gong. Er det treffande?
– Ja, eigentleg i forhold til då ho lanserte kandidaturet sitt i 2019, seier Tønnessen.
– Flytta mot sentrum
Den gongen måtte ho kaste inn handkledet tidleg i nominasjonsprosessen. Men forskaren påpeikar at ho plasserte seg tydeleg til venstre i mellom anna økonomiske og helsepolitiske.
– No har ho uttalt at ho har flytta seg meir mot sentrum. Men så lenge ho ikkje er villig til å setje seg ned og svare på tøffe spørsmål om dette, vert det uklart. Dermed blir det spennande kor spesifikk ho vil vere i talen til landsmøtet på torsdag, seier han.
– Korleis har Harris formidla den kyrkjelege bakgrunnen sin?
– Eg er litt spent på om ho vil kome meir inn på religion. Ho må prøve å presentere seg litt ordentleg. Obama la sterk vekt på familiebakgrunnen og kyrkjebakgrunnen sin. Og som Harris er han av to rasar, påpeikar Tønnessen.