DETALJERT: I denne boka får vi ein detaljert gjennomgang av alt som er knytt til tabernaklet og tenesta der, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
Oppbyggeleg om Tabernaklet
Eg har ofte talt om tabernaklet og bibelske sanningar knytt til det, men i denne gjennomgangen var det detaljar som eg ikkje hadde merka meg før.
Alle som har lese Bibelen eller som har høyrt ein del kristen forkynning, kjenner til tabernaklet.
Det var eit telt med diverse utstyr som Moses fekk beskjed om å ordna til då israelfolket var ved Sinai. Tabernaklet fylgde israelsfolket gjennom øydemarka og var staden for offer og tilbeding til templet vart reist i Jerusalem.
Ein gong eg var i Israel, var det sett opp ein nøyaktig kopi av tabernaklet på ei slett nedafor Jeriko. Det var interessant å sjå korleis det var.