Oppfordrar kvinner til faste og bønn for stortingsvalet
JesusKvinner oppfordrar alle kristne jenter og kvinner i Noreg til å fasta og be i 21 dagar før stortingsvalet.
– Vi er inne i viktige dagar i landet vårt, og derfor ønsker vi å kalla jentene og kvinnene i landet til ein «Daniel-faste» i 21 dagar, frå tysdag 24. august og til og med valdagen måndag 13. september, skriv den daglege leiaren i bevegelsen, Anne Christiansen, i ei pressemelding.
Ein «Daniel-faste» er basert på bibelforteljinga i Daniels bok der det står at Daniel åt enkel, grønnsaksbasert mat, og at han fasta i 21 dagar.
– Ein slik «Daniel-faste» kan gjennomførast på ulike måtar. Ein kan eta enklare, avstå frå søtsaker eller fasta frå andre ting som opptar ens tid, for å vera meir fokusert i bønn til Gud. Kvar må innretta seg slik ein finn det rett, det viktigaste er at vi står saman i bønn, skriv JesusKvinner-leiaren som òg mellom anna refererer til 1. Timoteus 2, 1-4.
– Vi opplever ein pandemi av global karakter, barn og unge slit, isolasjon og einsemd breier om seg, klimaspørsmåla opptar mange, samtidig treng vi fokus på eit samfunnsklima der synspunkt kan drøftast utan at det politisk korrekte er opplest og vedtatt, skriv Christiansen.
JesusKvinner meiner det i valet i haust er viktig at folk løftar blikket og stemmer strategisk, utan at dei direkte nemner parti eller enkeltpolitikarar.
– Vi har i dag ein sterk representasjon av kristne i storpolitikken. Dette er til stor velsigning for landet vårt, og ikkje noko vi kan ta lett på. Vi må be om at dette får fortsetja!
Bevegelsen håper at så mange som mogleg vil stå saman i bønn desse 21 dagane.
– I løpet av perioden vil vi senda ut bønner vi kan samla oss om, der vi vil fokusera på tre hovudområde: Ytrings- og trusfridom, barns oppvekstvilkår og leiarskapet i landet, slik Guds Ord med all tydelegheit oppfordrar oss til å be for.