FRISKOLE: – Blir det etablert privatskular, vil dette vere med på å underminere grunnlaget for dei offentlege skulane, seier Odd Harald Hovland. Illustrasjonsfoto: Roman Mager/Unsplash

Ordførar fryktar dårlegare tilbod

Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) i Bømlo ønskjer seg ikkje friskular i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har ingenting imot kristne skular, men eg er imot etablering av private skular, seier Hovland.

Bømlo er ein av kommunane d er formann Odd Asbjørn Nybø i Indremisjonsforbundet meiner det burde vere grunnlag for ein kristen friskule.

M indre pengar

– Vi har framleis ti skular i ein kommune med tolv tusen innbyggjarar. I utgangspunktet har vi ikkje tenkt å sentralisere skulestrukturen meir. Blir det etablert privatskular, vil dette vere med på å underminere grunnlaget for dei offentlege skulane, seier Hovland.

Han viser til at støttepengar vil følgje eleven og at midlane til dei offentlege skulen dermed kan verte mindre.

– Somme vil meine at ein kommune blir kan bli meir attraktiv med eit meir mangfaldig skuletilbod?

S terkt kristenliv

– Eg trur det som er viktig for folk med tanke på attraktivitet, er at skulestrukturen er desentralisert, spesielt for dei minste. Det er godt for borna, og det er bra for foreldra og heimen, seier Hovland.

Han påpeikar at kristenlivet står sterkt på Bømlo og meiner dette også vert gjenspegla i skulen og aktivitetane der.

– Eg trur ikkje mange ser behov for å tenkje skule knytt til eit bestemt livssyn.

Powered by Labrador CMS