Ordførar i Kristiansand kommune, Harald Furre, meinte at rektorane må vere rause overfor skulelaga og opne opp for matservering på møta. Han ventar at Møvig skolelag får friare rammer frå hausten av.

Ordførar vil at skulelaga skal få servere bollar – og møtast så ofte dei vil

Men rektor ved Møvig skole kan førebels ikkje love noko endring.

Publisert Sist oppdatert

Det har vakt stor merksemd at det kristne skulelaget ved Møvig skole i Kristiansand berre får arrangere lagsmøte kvar tredje veke, invitere eksterne talarar annakvar gong og at dei ikkje får servere mat på møta sine. Oppvekststyret i Kristiansand kommune har tidlegare gitt rektor ved skulen full støtte.

Skal heie på elevane

I går vart saka teken opp i Kristiansand bystyre i form av interpellasjonsforslag frå KrF og Demokratane. I ordførar Harald Furre (H) sitt svar fokuserte han på at kommunen skal heie på elevstyrt aktivitet og at regelverket må vere likt for alle skulane i kommunen.

– Vi skal erkjenne at rektor har ein styringsrett over kva som skjer på skulen, men vi må vere tydelig på at rektor sine personlige preferansar overfor kva ein likar og ikkje likar ikkje på nokon som helst måte skal spele inn for kva som vert tillate, seier ordførar i Kristiansand kommune, Harald Furre (H), til Dagen etter bystyremøtet.

Bystyrerepresentant Ebbe Boel Pedersen (KrF) tok opp saka om Møvig skolelag i Kristiansand bystyre onsdag. Det resulterte i ei felles fråsegn om å støtte elevaktivitet i skulane i Kristiansand.

Ja til bollar

I eit møte i oppvekststyret i kommunen tidlegare i månaden slo oppvekstdirektør i Kristiansand kommune, Svein Ove Ueland, fast at skulelaga ikkje hadde lov til å servere mat på lagsmøte på nokon skular i Kristiansand. Det er ikkje Harald Furre einig i.

– Eg er ikkje spesielt bekymra over desse bollane. Enkel servering á la bollar må vere heilt kurant, seier Harald Furre, som har oppfordra oppvekstdirektøren om å vere romslig overfor skulelaga.

Rektor vil sjå på vilkåra

Rektor ved Møvig skole, Marit Faanes, var til stades under bystyremøtet. Ho kallar ordføraren sin tilbakemelding for kurant, men seier at ho ikkje kan love noko endring for skulelaget.

– Det må vi sjå på, og det er noko vi ser på saman med styre, FAU og elevråd. Det er mange involverte partar på skulen, så det er for tidleg å svare noko no, seier Faanes til Dagen i etterkant av møtet.

Slutta seg til oppvekststyret

Under eit ekstraordinært møte i oppvekststyret i Kristiansand kommune tysdag denne veka, formulerte dei ei felles utsegn som også bystyret slutta seg til.

«Oppvekststyret mener at elevengasjement er viktig. Vi ønsker derfor å oppfordre skolene til å fortsatt støtte og legge til rette for elever som selv ønsker å opprette eller delta i elevbedrifter, interesseorganisasjoner og andre tiltak som gir elevene innsikt i drift og deltakelse i frivillig virksomhet.»

KrF er nøgd

Bystyrerepresentant Ebbe Boel Pedersen la fram KrF sin interpellasjon. Han synest at det er fint at Marit Faanes no ynskjer å sjå på vilkåra for skulelaget og håpar at Møvig skolelag får vilkår på linje med resten av skulane i Kristiansand.

– Eg er nøgd fordi eg trur at vi har sikra at skulelaga kan få halde dei møta som dei vil frå hausten av og det var det som var målet vårt, seier Boel Pedersen til Dagen.

Skal vere elevstyrt

Også ordføraren ventar at det no vert ei endring på Møvig skole. Sjølv om han vil ha servering og oftare møter, er han klar på at det framleis er rektor som skal bestemme kven som skal kome inn på skulen.

– Det skal vere elevstyrt og elevinitiert. Det skal altså ikkje berre vere ein elev som opnar døra for vaksne utan i frå, det må rektorane handtere på ein nennsam og fornuftig måte, seier Furre.

Oppfattast som støtteerklæring

Regionsleiar i Laget NKSS Region Sør, Tønnes Christian Due-Tønnesen, seier at han er glad for det ordføraren sa, men at han ikkje vil spekulere i kva som skjer vidare.

– Eg meiner at ordføraren var veldig tydelig på at regelverket på Møvig skole ikkje er i tråd med det som han sa. Sånn som eg tolkar ordføraren, var det ei støtte for laget på Møvig skole og alle andre skulelag i Kristiansand kommune som opplever avgrensingar, seier Due-Tønnesen til Dagen.

Fekk forslag nedstemd

Vidar Kleppe førte Demokratane sin interpellasjon og retta i tillegg eit konkret forslag om at bystyret skulle slå fast at “det ikkje skal leggjast restriksjonar på kristent frivillig arbeid i Kristiansand-skulen”. KrF meinte at forslaget var for breitt og kunne opne for ekstreme grupper.

– Eg er varm tilhengar av skulelag, men eg meiner at det må vere nokon avgrensingar, mellom anna at rektor skal godkjenne kven som skal kome inn og forkynne. Om det kjem nokon ekstreme forkynnarar som vil kome inn så må rektor sjølvsagt ha ei hand over det, sa varaordførar Jørgen Kristiansen (KrF) under bystyremøtet.

Powered by Labrador CMS