ORDFØRAR: Jarle Bø i Randaberg kommune nord for Stavanger.
Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune
Ordførar vil flagga for alle nyfødde i kommunen
– Underet som skjer når eit barn kjem til verda må feirast, meiner Senterparti-ordføraren.
Kvar einaste baby som blir fødd i Randaberg i Rogaland i 2025 skal bli flagga for, på den offentlege flaggstonga ved kommunehuset, melder Stavanger Aftenblad.
Det var i den årlege nyttårstalen at ordførar Jarle Bø (Sp), lanserte ordninga.
– Det mest dyrebare me har, er det underet som skjer når eit nytt barn kjem til verda. Dette må feirast, seier Bø til Aftenbladet.