STAVANGER-ORDFØRAR: Sissel Knutsen Hegdal (H).
Terje Bendiksby/NTB
Ordførar vil ta opp steinkasting mot MIFF med politileiinga
– Tryggleiken verkar ikkje å ha vore godt nok teken hand om, seier Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal om MIFF-markeringa 14. mai.
14. mai markerte 300 israelvener Israel sin nasjonaldag i Byparken i Stavanger.
Med Israel for Fred Stavanger (MIFF) var arrangør.
Også 100 pro-palestinske motdemonstrantar møtte opp, utan å ha varsla politiet eller å ha søkt kommunen om arealløyve.