PRESSEOPPBOD: Journalistar frå både Finland og andre land var til stades for å dekke rettssaken mot Päivi Räsänen i januar.
ADF International
Päivi Räsänen frikjend for tiltale om homohets
– Eg må seie at eg sjølv er svært glad, svært letta over avgjerda, seier den kristne finske politikaren.
Avgjerda til tingretten i Helsinki vart meldt av den finske rikskringastaren YLE.
– Avgjerda var venta, og eg vil seie at eg hadde vorte verkeleg overraska og også sjokkert dersom avgjerda vart annleis. Eg mistenkte ikkje sjølv i ein augneblink at eg i tekstane eller utsegnene i tiltaln skulle ha gjort meg skuldig i noko ulovleg, sa Räsanen ifølgje YLE då ho møtte journalistar etter at resultatet vart kjent.
Håper å hjelpe andre