Parkerte skepsis til ny musikk
Avtroppande rektor Oddvar Rotvik oppmodar både unge og gamle til å la seg utfordre av musikk dei spontant ikkje likar.
Suset frå dei store lauvtrea og summinga av eit kjøleanlegg er av dei få lydane som er å høyre på Kongshaug Musikkgymnas. Til vanleg er skuleområdet fylt av ungdom som er her for å lage lyd. Solstrålane glinsar i dei små krusingane på Bjørnafjorden ein halvtime sør for Bergen.
– Det tek si tid å pakke ut kontoret, gliser Oddvar Rotvik over skuldra medan han viser veg gjennom korridoren til rektorkontoret.
Bedehusbakgrunn
Ein einsleg hammar er sommarvikar for trommestikker og taktstokk. Hammaren slår tappert og taktfast for å skaffe den kristne internatskulen nytt storkjøkken.
– Å få dette som eit kall har vore eit stort privilegium, konstaterer Rotvik.
Han har sett seg ved salongbordet framfor kontorpulten.
Der tener tre band av Melodiboken som stativ for den berbare datamaskinen hans. Det skulle berre mangle at arven frå bedehuset ikkje er synleg på ein skule som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.
No har nordlendingen Rotvik vore her i 40 år. Den første perioden medan det var folkehøgskule, men denne drifta tona ut fordi elevtilgangen stilna av.
Trivst med ungdom
Staben vart sagt opp, men Rotvik vart verande for å førebu oppstart av det første kristne musikkgymnaset i landet.
Søknaden om ein livssynsbasert friskule som ville ha fritak for å undervise i dans, var ikkje musikk i øyro på Ap-regjeringa til Thorbjørn Jagland i 1996. Dei trykte på «stop». Men så overtok sentrumsregjeringa i 1997, og kyrkje- og utdanningsminister Jon Lilletun (KrF) trykte på «play».
Rektoren er glad for at han fekk sjansen til å finne tonen med ungdom - i dobbel forstand.
– Ungdom er ikkje blitt vanskelegare å ha med å gjere, heller tvert imot, seier han.
Prestasjonspress
For 40 år sidan var det umogleg å få røykjarane til å flytte seg frå inngangspartiet. I dag kjenner han knapt lukt av tobakk same kvar han går.
– Kvaliteten på musikken dei spelar, har også auka, kanskje nesten i for stor grad, seier Rotvik.
Han ser at jaget etter prestasjonar og suksess kan vere utfordrande. Samstundes gler han seg over at mange har fått utvikle talentet sitt på Kongshaug.
Open haldning
Som nyutdanna klassisk songar frå Universitetet i Tromsø med sterk teologisk og kulturell forankring i bedehustradisjonen hadde den unge Rotvik klare synspunkt på kva som var vellyd og kva som var unotar etter kristen målestokk. Med åra har han sett seg nøydd til å revidere haldningane sine.
– I min generasjon vart vi veldig mykje rettleia. No er eg først og fremst oppteken av at ungdommane skal få utfalde seg, seier han.
Det betyr ikkje at han er likegyldig til kva dei lærer, men han meiner det er avgjerande å kombinere ein tydeleg ambisjon med ei open haldning.
– Dei første åra skjedde det mykje på huskonsertar som var ganske heftig med tanke på kva eg tenkte ville vere passande på eit bedehus. Musikken dei spelar no, er mykje meir «skikkeleg», seier han.
To kriterium
Sjølv om mange elevar fordjupar seg i ulike former for populærmusikk, har dei kvar veke gjennom tre år ein ny salme som dei arrangerer og framfører.
– På tre år blir det eit repertoar på hundre salmar, påpeikar Rotvik.
– Somme vil kanskje spørje om du har fått ei for open haldning til musikk?
– Det avgjerande er at ein er bibelsentrert og Kristus-fokusert, seier Rotvik.
Utfordrar smaksmonopol
Ut frå erfaring er han blitt stadig tryggare på at mangfald i musikken er ein del av skaparverket og nødvendigvis vil variere med tid og stad.
– Vi kan alle vere freista til å filtrere musikk gjennom det vi sjølve likar. Dersom vi ikkje utfordrar dette, kan vi gå glipp av noko som finst utanfor min eigen smak, men er verdt å få med seg, seier Rotvik.
Han erkjenner at musikk ikkje berre skaper samklang, men også motsetnader i kristne fellesskap.
– Men då er det oppgåva til leiarskapen å løyse dette og få til god samtale, seier han.
Mindre analytikar
Frå eigen oppvekst i relativt små kår hugsar han at mora tok ned gitaren frå veggen på kjøkkenet og klunka enkle akkordar medan familien song.
– Den kunstnarlege kvaliteten var gjerne ikkje på topp, men det var noko med nærleik, varme og innleving som var jordnært og folkeleg. Etter kvart er eg vorte mykje meir oppteken av dette enn av å vere den akademiske analytikaren, seier Rotvik.
Avslutta med «Messias»
Den storslåtte klassiske musikken set han likevel stadig stor pris på.
– Eg høyrer på NRK Alltid klassisk når eg jobbar i hagen, smiler han.
Sånn sett var det ei verdig avslutting då det siste elevane gjorde i det siste skuleåret hans som rektor, var å syngje halleluja-koret frå Händels Messias. Han gler seg over at unge menneske også har lært seg å setje pris på denne musikken.
Etterklangen av det er god.