Partiet som tapte, men vann litt

Morelleting, regjeringsvegring og samling på botn. KrF har måtta gå i seg sjølv denne hausten.

Publisert Sist oppdatert

Årskavalkade 2017: Dagens journalister og redaktører ser tilbake på året som har gått, utfordringer, minner og menneskemøter som gjorde inntrykk.

----

Først jubla dei for ikkje-sosialistisk fleirtal. Så sank hjartet i KrF-arane då første valdagsmåling kom 11. september klokka 21.00.

Eg stilte med mobilkamera og gult stativ på KrFs valvake i Oslo og sendte direkte på Facebook-sida til Dagen i same augneblink.

Tok seg for munnen

Mellom gule ballongar og elegante serveringsfat med snop og chips vart partiet vantru vitne til NRKs spådom om at dei berre fekk tre mandat og var under sperregrensa.

– Oi, åh...

Stortingsrepresentant Hans Olav Syversen tok seg for munnen. Men snart kunne TV 2 «roe» partiet med ei måling der KrF fekk åtte mandat og var så vidt over sperregrensa.

– Du ser kor mykje desimalane tyder, slo Syversen fast, på direkten.

Gode kristne

Nokre dagar tidlegare følgde eg Syversen på veljarjakt i Oslo. Han smilte og delte ut brosjyrar på Grønland torg og Karl Johans gate. Valkvelden vart hans og det kristelege partiets store lagnadsdag med eit historisk nederlag i oppslutning på 4,2 prosent. Så vidt over sperregrensa.

Syversen måtte sjå seg slått ut av Stortinget. Det same måtte Anders Tyvand frå Vestfold, Line Henriette H. Hjemdal frå Østfold og Geir Toskedal frå Rogaland. Inn kom tre ferskingar i rikspolitikken.

Partiet enda med å gå ned frå ti til åtte mandat på Stortinget, til tross for at den store verdidebatten var hovudtema i sommar. Partileiar Knut Arild Hareide fekk trøsteklem av kona.

Steingrunn

Same kveld rapporterte ein kollega i Bergen at KrF-politikarar i Hordaland ville inn i regjering. Forslaget fall på steingrunn hjå Hareide og på landsstyremøtet i Oslo i november. Dei hadde jo vedteke året før at det var uaktuelt å regjere med Frp.

Og som gode kristne burde ein halde ord, meinte i alle fall fleirtalet av dei 194 lokallagsleiarane vi i Dagen snakka med i veka etter valet. Men mange på grasrota vedgjekk at dei kanskje ville fått mest makt i regjering, om det ikkje var for dette samarbeidsvedtaket.

Morell-appell

Pressa meldte tidleg i valkampen at veljarar var usikre på kva regjering dei ville få med KrF. Lokale partikrefter på sørvestlandet trygla partileiinga om å lukke døra heilt for Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre.

Til og med på KrF-øya Helgøy i Rogaland appellerte dei tradisjonsrike fruktbøndene om å halde partiet unna Ap. Eg var med då KrF-arar på fylkesturné var innom øya og fekk sitje på med ei traktorvogn, ete nyplukka morellar, og lytte til klanhøvding Håkon Helgøys skepsis til både Ap og Frp. Han er ein som blir lytta til i partileiinga.

Utryggleiken på grasrota burde ikkje kome som ei overrasking på partiet. Etter gjentekne flørtar frå Støre dei siste åra, verka det som at KrF treivst med å sitje i midten og bli bydd opp frå begge sider.

Og då landsstyret i november 2016 kom med sitt berømte samarbeidsvedtak, vart plan A tolka som ein utopi: Å danne regjering med Høgre og flest mogleg sentrumsparti.

A, B og C?

Så kva var plan B eller C når KrF nekta å regjere med Frp - bortsett frå å gå i opposisjon? Å snu seg mot venstresida. Vedtaket sa ingenting som totalt utelukka å takke ja til Støre.

Dermed vart veljarane usikre når partileiinga berre svara med å peike til vedtaket - som jo var det som trong fortolking. Dagen etter valet ringte eg opp nokre fylkesleiarar i KrF. Dei vedgjekk at samarbeidsvedtaket var vanskeleg for veljarar å forstå.

– Folk har ikkje forstått kva vi eigentleg meiner, sa Per-Endre Bjørnevik, fylkesleiar i Rogaland KrF.

Dårleg kommunikasjon

Den interne havarirapporten viste tydeleg at leiinga kommuniserte dårleg ned til grasrota i eige parti, og at samarbeidsvedtaket rett og slett vart eit problem.

Under to veker før stortingsvalet tok Hareide bladet frå munnen i Dagen. Han gjekk til frontalåtak på Aps politikk på bioteknologi for å skape avstand til venstresida.

– Vi går ikkje til val på å setje inn Støre som statsminister, slo Hareide fast.

Det var tydelegvis for seint til å halde på veljarane. Fleire tusen tidlegare KrF-veljarar stemte heller på Senterpartiet, Høgre og Frp for å sikre den regjeringa dei ønska seg mest.

Vetomakt

Det KrF likevel vann litt på er vippeposisjonen partiet no har. Regjeringa er avhengig av både Venstre og KrF for å få fleirtal. I førre stortingsperiode trong dei eigentleg berre eit av partia som støtte.

Då eg slo på tråden til valforskar Bernt Aardal peika han på at KrF får meir vetomakt i Stortinget enn i regjering. Det er noko dei raudgrøne partia er særs glad for, og vil gripe eit kvart høve for å nytte.

Så langt i haust har KrF bidrege til at pappapermen blir utvida til 14 veker, ein time gym i skulen, asylsaker for «oktoberbarna» skal vurderast på ny, det skal framleis vere forsvarshelikopter i nord, og regjeringa er nekta instruksjonsrett overfor Utlendingsnemda, ifølge NTB.

I statsbudsjettet trumfa KrF gjennom lærarnorm i småskulen, til regjeringas fortviling.

Bio-kampar

Vetomakta er likevel avhengig av at regjeringa ikkje finn støtte i andre parti på Stortinget. Og det kan bli enno mindre føreseieleg når regjeringspartia skil lag i einskildsaker, slik dei gjorde då Frp støtta ein ny rusreform førre veke.

Kva då med dei store verdispørsmåla og kampen mot sorteringssamfunnet? I april skal Stortinget behandle bioteknologimeldinga, og det vil truleg kome konkrete lovforslag i kjølvatnet av dette.

Senterpartiets Kjersti Toppe har åtvara KrF om at dei utanfor regjering vil tape bio-kampane. I augneblinken utgjer Frp, SV og Ap eit fleirtal for å innføre eggdonasjon, og Høgre skal bestemme seg i starten av april. Verdidebattane vil kome for fullt dei neste åra.

Powered by Labrador CMS