BREV: Pave Frans har skrive brev til jødar i Israel om antisemittisme.
Andrew Medichini
Paven: Antisemittisme er synd mot Gud
Pave Frans fordømer alle former for antijudaisme og antisemittisme.
Åtaka mot jødar verda rundt var utgangspunkt for eit brev til den jødiske befolkninga i Israel som er datert 2. februar og vart gjort offentleg på laurdag, melder Premier Christian News.
«Saman med dykk er vi, katolikkar, svært urolege for den forferdelege auken i talet på åtak mot jødar verda rundt. Vi hadde håpa at «aldri igjen» ville vere eit refreng som vert høyrt av nye generasjonar», skriv paven.
I brevet held han fram at kyrkja «avvisar alle former for antijudeaisme og antisemittisme og utvitydig fordømer manifestasjon av hat mot jødar og jødedom som synd mot Gud».