GLOBALT INITIATIV: Bill Clinton snakka med pave Frans under Cliton Global Initiative på måndag.
Andres Kudacki/AP/NTB
Paven åtvara Bill Clinton om «krigsvind» som bles gjennom verda
Den tidlegare amerikanske presidenten samtalte med pave Frans via skjerm under konferanse.
Samtalen fann stad på under Cliton Global Initiative i New York. Det gjekk av stabelen måndag og tysdag denne veka.
Paven understreka at menneske og nasjonar må gå saman for å ta vare på miljøet og få slutt på globale konfliktar.
– Det er tid for å gjere eit skifte mot fred og brorskap. Det er tid for å leggje ned våpen og gå tilbake til dialog, til diplomati. Lat oss slutte å søkje erobring og militær aggresjon. Det er derfor eg repeterer: Nei til krig! sa paven, ifølgje Religion News Service.