ÅTVARING: Pave Frans brukar sterke ord for å åtvare mot surrogati.

Paven ber om globalt forbod mot surrogati

Pave Frans kallar praksisen «avskyeleg» og meiner den baserer seg på utnytting.

Publisert Sist oppdatert

Signala kom i ein tale i Vatikanet på måndag.

– Eg vurderer praksisen med såkalla surrogatmorskap som avskyeleg. Den representerer ei alvorleg krenking av verdet til kvinna og barnet, basert på utnytting av situasjonar der kvinner har materielle behov, sa paven ifølgje CNN.

Paven håper at det internasjonale samfunnet vil treffe tiltak for å forby praksisen universelt.

– Eit barn er alltid ei gåve og aldri grunnlaget for ein kommersiell kontrakt, sa han.

Ulovleg i Noreg

Surrogati er ulovleg i Noreg, men har i fleire år vore gjenstand for debatt. Stortinget vedtok i 2013 at foreldre som får born på denne måten i utlandet, ikkje kan verte straffa.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe sa til NRK i 2022 at ho personleg meiner det var feil å fjerne straffebodet. Det møtte motstand frå dåverande kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

USA og Ukraina har vore dei vanlegaste landa å reise til for nordmenn som ønskjer born ved hjelp av surrogatmor.

«Dødens kultur»

Fleire konservative katolske stemmer har vore kritiske til korleis pave Frans har uttalt seg om aktuelle spørsmål, ikkje minst når det gjeld seksuelle minoritetar.

I andre spørsmål, ikkje minst abort og dødshjelp, har han vore kompromisslaus.

– Du leikar ikkje med livet, sa paven på ei flyreise i september, ifølgje Catholic News Agency.

I talen på måndag sa pave Frans at han med sorg merka seg, særleg i Vesten, ei spreiing av det han kallar «dødens kultur». Han meiner det inneber at ein i namnet til falsk omsorg sviktar born, dei eldre og dei sjuke.

Paven har også uttrykt uro for fallande fødselsrater, særleg i Italia. Han har oppmoda politiske leiarar til å ta tak i økonomiske og sosiale faktorar som hindrar unge par frå å få born.

.

Powered by Labrador CMS