Pence: – Eg er pro-life. Eg ber ikkje om orsaking for det
Den tidlegare visepresidenten skil seg ut i nominasjonskampen ved å gjere abort til ei fanesak.
Ingen av republikanarane som kjempar om å bli presidentandidat, vil seie anna enn at dei er pro-life. Men Pence er den som mest aktivt gjer abort til eit tema.
For somme blir han slik ein stabbestein. For andre blir han ein hoggestabbe.
Lovar å vere livsvernar
Dei siste vekene har Pence ved fleire høve framheva abortsaka som «vår tids kamp». Det har han også gjort med stikk til Donald Trump, som han meiner er ukomfortabel med spørsmålet.
«Som presidenten dykkar vil eg alltid stå for at livet er heilagt, og eg vil ikkje kvile eller vike før vi gjenopprettar at livet er heilagt som sentrum i amerikansk lov i alle delstatar i landet», skreiv Pence på Twitter i juni.
Innstrammingar i halvparten av delstatane
Eit drygt år er gått sidan Høgsterett omgjorde abortdommen Roe vs. Wade frå 1973. Denne innebar at alle delstatar måtte tillate abort. No er det opp til kvar einskild stat å avgjere lovgivinga på feltet. Over 20 delstatar har innført forbod eller betydelege restriksjonar.
Sist ute var Iowa som denne veka vedtok ei grense på seks veker i svangerskapet. Pence applauderte at Florida-guvernør Ron DeSantis, som også er med i nominasjonskampen, signerte ei lov om det same i april.
– Eg er pro-life. Eg ber ikkje om orsaking for det, seier Pence ifølgje AP.
Unngår konkrete lovnader
Tidlegare president Donald Trump har omtalt lova i Floridia som «for streng», men elles unngår han i stor grad abort som tema. Heller ikkje DeSantis har snakka stort om abort sidan han signerte lova, ifølgje Politico.
I eit intervju med CBN har han likevel uttrykt undring over at Trump ikkje har støtta lova.
Både Tim Scott og Nikki Haley har vore vage om kva føderale grenser dei ønskjer og korleis dei vil handtere abortsaka dersom dei vert president.
Krev grense ved 15 veker
Pence har utfordra alle i den republikanske nominasjonskampen til å gå inn for ei føderal abortgrense på 15 veker. Han viser til at dette er på det same nivået som fleire europeiske land, medan USA til dels har same politikk som Kina og Nord-Korea.
Meir kontroversielt er det likevel at Pence ikkje vil opne for abort når legar vurderer at eit barn ikkje vil vere levedyktig.
– Eg har berre høyrt så mange historier opp gjennom åra om modige kvinner og familiar som er blitt fortalde at det ufødde barnet deira ikkje vil nå termin eller ikkje vil overleve. Og så har dei hatt eit vellykka svangerskap og ein vellykka fødsel, seier han.
Vik ikkje for kritikk
AP har snakka med fleire medisinske ekspertar som avviser framstillinga til Pence. Dei meiner det er tilfelle som alltid er uforeinlege med liv. Dei fleste pasientar vil avgjere at det ikkje er verdt lidinga, sorga eller risikoen det inneber å fullføre svangerskapet.
Pence står likevel fast på sitt.
– Eg vil alltid ønskje å feile på livets side, seier han.
Han ser dette som «vår tids sak» som er større enn politikken.
Men han understrekar at han alltid har vore open for å tillate abort ved valdtekt, incest og for å redde livet til mora.
Dramatiske historier
Etter høgsterettsavgjerda i fjor har abortspørsmålet blitt sett endå meir på spissen i USA. Fleire kvinner i statar som Texas, Florida og Louisiana har fortalt dramatiske personlege historier om konsekvensar av at abort ikkje var tilgjengeleg.
For mange pro life-organisasjonar vert Pence ein helt med si offensive tilnærming til spørsmålet.
Fleirtal støttar legal abort
Eit klart fleirtal av amerikanarane har likevel ei meir liberal haldning. 69 prosent meiner at abort bør vere lovleg i dei første tre månadene av svangerskapet, ifølgje ei meiningsmåling frå Gallup. Det tilsvarar omtrent dagens norske lov.
37 prosent av amerikanarane seier at det bør vere lovleg heilt til seks månader i svangerskapet. 22 prosent vil ikkje ha ei grense.
Republikanarane er med andre ord meir konservative i spørsmålet enn fleirtalet av befolkninga. Dermed er det venta at Demokratane vil leggje stor vekt på abortspørsmålet fram mot presidentvalet i 2024.