GEIR STEINNES: Prosjektleiar for nye Betel bedehus på Vea.

Pensjonisten Geir (73) sparer det nye bedehuset for 10 millionar kroner

Det blei for dyrt å bruka totalentreprenør til å bygga det nye bedehuset. Då melde Arnt Helge Fidjeland (69) og Geir Steinnes (73) seg til teneste.

Publisert Sist oppdatert

Eit 1.380 kvadratmeter stort bedehus, til 44 millionar kroner, er i ferd med å reise seg like ved Vea sentrum på Karmøy.

Prosjektleiarane for den nye storstova til Bedehuset Betel er to uløna pensjonistar.

Det har vist seg å vere svært lønsamt.

H-avis.no omtalte saka først.

Blei for dyrt

Betel-forsamlinga på Vea er tilknytt Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband.

Dei tel godt og vel 570 personar med stort og smått.

Bedehuset dei har i dag er 120 år gammalt og forsamlinga har lenge drøymt om nytt bedehus, skriv Haugesund avis.

Då arbeidet med det nye bygget starta var tanken å bruka totalentreprenør og få ei nøkkelklart storstove servert, men det blei dyrt. Altfor dyrt.

I det stille gjekk kameratane Arnt Helge Fidjeland (69) og Geir Steinnes (73) og tenkte at prosjektleiar-ansvaret kunne dei like gjerne ta på seg sjølv, heilt utan at det trengde å kosta forsamlinga ei krone.

Og slik blei det.

Arbeidet med nye Betel bedehus starta i fjor sommar.

Så kom pensjonistane på banen

Som prosjektleiarar held Fidjeland og Steinnes i alle trådane på byggjeprosjektet.

Dei har samla inn anbod frå ulike aktørar og samanlikna prisar. Vidare organiserer dei arbeidet mellom frivillige og profesjonelle tenesteleverandørar innan elektro, røyr, ventilasjon og anna.

Kvart område har sine team med frivillige frå forsamlinga, med fagkompetanse innan dei ulike områda.

– Me har vore utruleg heldige og hatt utruleg stor hjelp frå firma som er representert i forsamlinga, skryt Fidjeland på telefon frå Karmøy.

KLARE FOR INNSATS: Arnt Helge Fidjeland (t.v.) og Lars Stensland på tomta som det i dag har reist seg eit nytt bedehus.

Han nemner både enkeltpersonar og verksemder som har bidrege med fagkompetanse og formelle godkjenningar.

– Spara inn ti millionar

Pristilboda frå totalentreprenørane låg på om lag 54 millionar kroner, ifølgje Fidjeland.

Med hjelp frå frivillige har dei to bedehuspensjonistane, som i dag leier prosjektet, budsjettert med 44 millionar kroner.

KLART UTVENDIG: Vea bedehus.

25 millionar kroner av desse har dei lånt frå banken, men det trur Fidjeland at forsamlinga skal klare.

– Du må få med at den frivillige gjevartenesta er enorm, seier han.

Kvar månad kjem det inn 180.000 kroner til prosjektet frå faste givarar.

– Ingen utfordringar

I august står bygget ferdig utvendig. Nå står alt det innvendige for tur.

Då ventar dei to prosjektleiarane storinntrykk frå om lag 100 frivillige fordelt på ulike team.

– Kva utfordringar har de møtt på undervegs?

– Utfordringar?, spør den andre prosjektleiaren, Geir Steinnes, også han på telefon frå Karmøy.

PROSJEKTLEIAR: Geir Steinnes er prosjektleiar for nye Vea bedehus.

– Det har ikkje vore så forferdeleg mange utfordringar, for folk er veldig velvillige til å hjelpe oss. Derfor er det er det vel ingen utfordringar så langt.

– Er noko de ville gjort annleis då?

– Nei, det har gått veldig greitt, men det tar mykje tid å leie, det er det einaste me har lært. Det er godt å vera to ilag om prosjektansvaret, så ein kan støtta kvarandre, held Steinnes fram.

– Gjer det for framtidige generasjonar

Gjennomsnittleg har dei to pensjonistane jobba halve arbeidsdagar sidan juletider.

– Kva motiverer dykk?

– Eg er jo ein bedehusmann, har vore det i alle år. Når det bygget me har begynner å bli for lite og må erstattast, så vil me bidra, seier Steinnes.

Fidjeland utdjupar:

Motivasjonen er å ha eit gudshus som me kan forkynna evangeliet i. Me harbarn og barnebarn i området. Derfor er det veldig, veldig viktig å få bygget på plass. Me gjer det for framtidige generasjonar.

DRAUMEN: Illustrasjonar av nye Vea bedehus, teikna av HJR Rasmussen bygg.

Framleis står mykje arbeid att før bygget er klar til bruk.

Medan totalentreprisane rekna å bruke 52 veker på arbeidet, tek bedehuset sine prosjektleiarar det meir med ro.

– Me kjem i alle fall til å bruke to år. Det får ta den tida det tar, så ingen skal slita seg ut. Me har det ikkje travelt, seier Steinnes.

Powered by Labrador CMS