PINSESTEVNE: Pinseleiar Øystein Gjerme taler under pinsestemnet på Moster første pinsedag.
Eivind Tveter
Pinseleiar ser sjanse til åndeleg fornying i feiring av kristenretten
Første pinsedag talar Øystein Gjerme under eit felleskristent stemne på Moster.
Den nasjonale pinseleiaren deltek på stemnet i Moster Amfi på Bømlo saman med mellom andre songar Sveinung Hølmebakk og Dagen-kommentator Sofie Braut.
Alle kyrkjelydar og forsamlingar i Sunnhordland og på Haugalandet er spesielt inviterte.
– Eg ser veldig fram til å høyre Øystein Gjerme forkynne og gi ord til situasjonen vår, seier sokneprest Aksel Lygre.