LEIAR: Dagleg leiar Fred Emil Bjerke i Pinserørsla under Led-konferansen i januar 2025.
Foto: Eivind Tveter
Pinserørsla strekkjer ut ei hand til misjonærborna
Pinserørsla vedgår manglande oppfølging av misjonærborna og vil no hjelpa dei som har lidd.
Utover 1900-talet vart born av misjonærar sende til internatskular omkring i den vide verda, ofte langt borte frå foreldra.
Misjonærborna er godt vaksne i dag, men mange av dei har i nyare tid opna seg om den traumatiske barndomen sin. Fleire vart utsette for omsorgssvikt, og i verste fall vald og seksuelle overgrep.
Dagen har omtalt temaet tidlegare denne månaden: Både Normisjon og Det Norske Misjonsselskap (NMS) har utvikla ein handlingsplan som skal sikra dei tidlegare misjonærborna både sosial, psykisk og økonomisk støtte.