Sexolog: Esben Esther Pirelli Benestad
Johanna Hundvin Almelid
Pirelli Benestad kan få tilbake legelisensen – blir prioritert hos klageorgan
– I nokre særskilde tilfelle kan vi gjere unnatak frå hovudregelen, seier klageorganet.
I februar kom meldinga om at Statens helsetilsyn ville ta frå Espen Esther Pirelli Benestad legelisensen.
Pirelli Benestad reagerte med å klaga vedtaket inn til Helseklage, eit landsdekkjande klageorgan for helsetenesta.
Sexologen bad om å få iverksettinga av vedtaket utsett til etter klagen var behandla, men fekk avslag. Difor var den tidlegare legen inntil nyleg klar for å møte Helsetilsynet i retten.