Platejul for alle
Både ateistane, dei kristne og dei midt imellom gjer det - gir ut juleplater.
Den glade julebodskapen vert i år framført av både Idol-vinnarar, barnestjerner, jazzheltinner, folkesongarar og instrumentalistar.
Og i år ser det ut til at julesongen som går igjen flest stader, kan bli «Have Yourself A Merry Little Christmas», som både Kurt Nilsen, Silje Nergaard og Celine & Malin har på sine respektive juleutgjevingar.
Her er kva platekjøparane har å velje mellom i vekene fram mot jul.
Kurt Nilsen med KORK og to damer
Kurt Nilsen nøyer seg ikkje med ei vakker kvinnerøyst når han gir ut juleplata «Have Yourself A Merry Little Christmas» - men to, nemleg Christel Alsos og Helene Bøksle. Han tek også med seg heile Kringkastingsorkesteret (KORK) når han gir ut julesongar à la Amerika, det Kurt sjølv kallar «den gammeldagse, storslagne julen». 18. desember gir Kurt sin einaste julekonsert. Det skjer saman med KORK og nemnde damer på Norges Varemesse på Lillestrøm, direkteoverført på NRK 1.
Silje Nergaard med julejazzkyss
«If I Could Wrap Up a Kiss» er tittelen på plata til Silje Nergaard, som ho kallar ei jule- og høgtidsplate med jazzinspirert preg. Fire låtar er hennar eigne, dei andre er sjeldan høyrte godbitar skrivne av blant andre Paul McCartney og Joni Mitchell, men med eit unntak - klassikaren «Have Yourself A Merry Little Christmas». Ho tek med både mora og dottera Karla i koret så vel som gjesteartistar som Sigvart Dagsland og tyske Roger Cicero. Ho held sin faste konsert i Oslo Konserthus
Same roser frå Bøksle
Då Helene Bøksle slapp juleplata «Det hev ei rose sprunge» i fjor, gjorde ho det så bra at ho no gir henne ut på nytt - med nye songar på. Deriblant «Et juleeventyr» i duett med Vidar Johnsen, som er hennar personlege tolking av The Pogues/Kirsty MacColls juleklassikar «Fairytale of New York».
Julemeditasjonar frå Gunnar Halle og Espen Eriksen
Den unge duoen Gunnar Halle (trompet) og Espen Eriksen (piano) byr på ettertenksame instrumentalversjonar av kjente julesalmar på plata «Meditations on Christmas». Det vert bydd på vakker musikk som også utfordrar lyttarane gjennom improvisasjonar og nye arrangement, og Halle og Eriksen gjer også ein turné.
Hans Rotmo med «Vårres jul 2»
30 år etter at han skapte furore med «Vårres jul», er ateisten Hans Rotmo tilbake med si høgst alternative juleplate og påfølgjande juleturné, som er så godt som utseld. På plata syng Rotmo om giddelaus jul, julefyllefest på lokalet og ølbrygging, og fastslår: - Eg er ein ateist som lagar julesongar for å ta tilbake jula. Han legg også ut på ein stor turné, som er nesten utseld.
Malin & Celine med julekonsertplate
Kvar jul pleier dei to trønderske barnestjernene, som no har blitt 15 år, Malin Reitan og Celine Solemsløkk Helgemo, å halde ei handfull julekonsertar i Olavshallen i Trondheim med deler av Sambandet. No har desse konsertane resultert i albumet «Malin & Celine - Julekonserten», der dei både gjer songar enkeltvis så vel som duettar. Og årets konsertar blir 19. og 20. desember.
Frelsesarmeens juleplate som hjelper
Årets juleplate frå Frelsesarmeen er den åttande i rekkja, og inntektene i år går til Sally Ann, konseptet til armeen for rettferdig handel. Denne gongen er hovudartisten Silje Hrafa, som tek med seg musikalske venner som Odd Børretzen, Heine Totland og Nils Petter Molvær. Plata byr på tradisjonelle julesongar så vel som tre som Silje sjølv har skrive, og vert omtalt som gatenær i krysningspunktet country, negro spirituals, bluegrass og vise.
Kvitnes og Botsen-gutane med bortkomne julestjerner
Også Henning Kvitnes syng julesongar for ei god sak i år, og gjer det saman med Koret på Botsen - altså dei innsette på Botsfengselet i Oslo, dirigert av Charlotte Fongen. Med seg har dei eit flott band, beståande av Larry Campbell, Brady Blade, Jørun Bøgeberg og Bebe Risenfors. Tittelen på plata er «Bortkomne julestjerner».
Nordnorske vinter- og juleviser frå Tore Johansen
Trompetisten og komponisten Tore Johansen slepp plata «Natt, stille», som vert omtalt som ei ærleg hylling frå ein jazzmusikar til den nordnorske songskrivartradisjonen - der han byr på favorittane sine blant vinter- og julevisene. Der har han med seg vokalgjester som Lars Bremnes og Kråkesølvs Fredrik Olsen så vel som Halvdan Sivertsen på gitar.
Jazzjul frå Torun Eriksen og Frøydis Grorud
«Sanger om glede og fred» vert slept på Jazzland Recordings, og er Torun Eriksen og Frøydis Grorud sitt felles prosjekt med både julemusikk så vel som songar av Lars Martin Myhre, Geir Holmsen, Joni Mitchell og Torun Eriksen sjølv. Fellesnemnar er at dei vert framførte i lågmælt jazzdrakt og med norske tekstar.