KYRKJELIV: Gutane på fire og fem og eit halvt år følgjer med på førebuingane til kvardagsgudsteneste i Hønefoss kyrkje ein onsdag føremiddag.

Politiet henta dei om natta – no har familien funne ly i nytt kyrkjerom

Dei låg og sov då politiet knuste vindauget og henta dei ut frå bedehuset på Fitjar. No har Hønefoss kyrkje blitt heimen til den afghanske familien som ikkje blir trudd på at dei trur.

Publisert Sist oppdatert

På bandrommet i kjellaren i Hønefoss kyrkje står det tre barnesenger. Kvar kveld rundt klokka sju er det leggetid. Ein gut på fire år, ein gut på fem og eit halvt og ei jente på åtte månader skal finne roa for natta. Men det er gjerne då spørsmåla frå dei to eldste kjem: «Pappa, kvar er heime? Kvifor henta politiet deg?»

– Eg veit ikkje kva eg skal svare, seier faren i den afghanske familien på fem som sit i kyrkjeasyl i Hønefoss kyrkje.

Her har dei budd sidan 18. mars, då dei forlèt Hvalsmoen transittmottak på Hønefoss etter å ha tapt i Borgarting lagmannsrett to dagar tidlegare. Lagmannsretten gav då avslag på kravet om å få opphalde seg i Noreg fram til det kjem ei endeleg avgjerd i saka der dei ber om å få omgjort avslaget på asylsøknaden.

Før den tid hadde dei i nesten eitt år levd som kyrkjeasylantar hos frikyrkjelyden Nytt Liv Sunnhordland i bedehuset Betania på Fitjar. Det tok brått slutt då politiet ein tidleg morgon knuste vindauga og gjekk inn for å hente ut den sovande familien.

Hendinga skapte politisk rabalder og stort engasjement i Kristen-Noreg. Tre veker seinare slo lagmannsretten fast at dei ikkje trur på at familien er reelle konvertittar frå islam og at det dermed vil vere trygt å returnere dei til Afghanistan fram til ankesaka kjem opp for retten i juni neste år.

– Kvar dag spør eg meg sjølv om kvifor vi ikkje blir trudd. Vi er glade for å ha Jesus i hjartet. Dommaren kan ikkje opne hjartet mitt og sjå, sukkar den afghanske familiefaren.

KRYPETRENING: Den åtte månader gamle jenta i familien øver seg på å kome seg fram for eiga maskin.

Stum av flukt

Hønefoss kyrkje er den nyaste kyrkja i landet, ho er stor og luftig og berre så vidt teken i bruk. Ei lett gjenkjenneleg vaffellukt snik seg ned trappene til kyrkjekjellaren. Oppe i kyrkjerommet er det snart tid for kvardagsgudsteneste. Nede i kjellaren prøvar ein småbarnsfamilie å finne si eiga form for kvardag.

På det tiltenkte bandrommet som no er blitt soverom, står koffertane ferdig pakka inntil veggen. Dei tre romma som familien får bruke er store, men spartansk innreia. Det gir nok av boltreplass for dei to gutane som fyk rundt på raude trehjulsyklar. Veslesøstera held seg mest i armane til mor eller far. I det eine rommet brukar det å vere babysong. Det er mora gjerne med på saman med minstemann. Då får ho eit avbrekk frå tankane om korleis framtida vil bli.

– Barna mine treng å gå i barnehage og eldstemann er snart så gammal at han skal gå på skule. Han har også behov for legehjelp etter at han slutta å snakke på grunn av flukta over havet til Tyrkia, seier ho.

Inntrykka etter ferda i ein tettpakka båt på flukt over Middelhavet skal ha traumatisert eldstesonen, ifølgje foreldra. Tidlegare snakka han afghansk i heile setningar. No går det mest i enkeltstavingar, lydar og teikn med hendene.

Sjal og kors

Ekteparet i 20-åra snakkar begge godt norsk. Det har dei lært seg gjennom samtalar med norske venner den tida dei budde på Fitjar. Mannen i familien har tidlegare fått skulegang i Afghanistan, men for kvinna har det vore eit stort sakn.

– Eg skulle ønske eg sjølv hadde fått gå på skule då eg var yngre, men i familien min i Afghanistan skulle damene vere heime eller berre gå i moskeen for å lære koranen, fortel ho.

I halsgropa hennar glitrar eit kors. På hovudet har ho eit sjal.

– Eg forstår at folk tenker «Kvifor har den dama på seg sjal på hovudet, er ho ikkje kristen?». Då vil eg at dei skal vite at eg har brukt sjal sidan eg var fire-femår og at eg no er redd for at folk skal drepe meg om eg tek det av. Familien min er strenge, radikale muslimar, seier trebarnsmora, og held fram:

– Jesus er i hjartet mitt, ikkje på hovudet.

TRUVERDIG: – Etter å ha fått innsikt i historia deira er det ikkje noko i framstillinga deira som verkar utruverdig, seier sokneprest i ­Hønefoss kyrkje Tor Magnus Amble.

Først skeptisk

Den afghanske familien dukka opp i Hønefoss kyrkje same dag som det nye orgelet blei innvigd. Kyrkja stod ferdig i fjor, og hadde dermed framleis ubrukte rom.

– Det gjer situasjonen lettare å takle. Eg skal innrømme at då familien kom hit, frykta eg at dette ville bli veldig krevjande og slitsamt. Men kyrkjekvardagen går sin gang, nesten upåverka, seier sokneprest Tor Magnus Amble i Hønefoss kyrkje.

I kyrkjelyden er det fleire som har spurt om kva dei kan gjere for å hjelpe familien. Kvar dag kjem det nokon som tek med seg dei to eldste barna utandørs for å leike. Vennene på Fitjar sørgjer framleis for at familien har det dei treng av mat, klede og sko.

– Dei er nesten meir ei hjelp enn ei byrde. Dei vaskar golva meir enn berre etter seg sjølve og pussar vindauge, fortel Amble.

Samtidig strekar han under at det er lite ønskeleg at familien skal bli verande i kyrkja.

– Alt hadde vore mykje betre om Utlendingsnemnde (UNE) hadde trudd på at dei hadde konvertert og kunne gitt dei opphald fram til rettsaka neste sommar, eller tatt heile asylsøknaden opp til ny vurdering, seier presten.

Han er ein av dei som meiner familien snakkar sant.

TRE PÅ RAD: I rommet som er tiltenkt gitarane og trommene til Ten-Sing, søv det no tre barn og to vaksne. Foto: Andrea Øien Sæverud

Politiangst

Ein ettermiddag då mora vandra rundt i kyrkja saman med den eine sonen, såg han to motorsyklistar med refleksvest gjennom dei store vindauga. Guten blei redd. Han trudde det var politiet som kom. Frykta ber han med seg heile tida.

– Gutane likar verken å gå på toalettet åleine og å sove åleine. Dei er så redde for at politiet skal kome, fortel ho.

At politiet i februar henta familien ut av bedehuset på Fitjar, sette spor i dei små. Eldstesonen har festa minnet til papir med fargestiftar. To politimenn med handjern, stjerner, måne - og ein gut som sit på ein sau. Frå vindauga i bedehuset på Fitjar hadde guten nemleg sett sauer beite på markane. Han viste fram teikninga og forklarte med enkeltord og hendene: Viss politiet kjem tilbake, kan eg berre ri vekk på lammet. Då kan dei ikkje ta meg.

Powered by Labrador CMS