Prega av bedehuset
I 1972 skreiv Harald Stanghelle ein harmdirrande kommentar i Dagen. Han åtvara sterkt mot å setje opp musikalen «Jesus Christ Superstar» på Den Nationale Scene i Bergen.
Denne saken ble publisert i 2014. Harald Stanghelle varslet sin avgang fra Aftenposten 4. september 2018.
Denne veka har Aftenposten–redaktøren igjen vore mykje omtalt i media. Pressens Faglege Utval har handsama kommentarartikkelen der han omtalte «gode, men ubekreftede rykter» om at konsulentselskapet First House var på svertetokt for kinesiske interesser. Siktemålet skulle vere å hindre at Thorbjørn Jagland vart attvald som leiar for Nobelkomiteen.
Les Dagens lederartikkel: Meningsjournalistikk under press
Se NRKs reportasje fra Pressens Faglige Utvalg (PFU):
Eksotisk bakgrunn
Harald Stanghelle er ein av dei mest profilerte samfunnskommentatorane i landet, og ein forkjempar for liberale verdiar. Men oppveksten i eit konservativt indremisjonsmiljø påverkar framleis korleis han ser på det norske samfunnet.
– Eg trur bakgrunnen min har gjort meg i stand til å forstå ein dimensjon som er framand og eksotisk for mange av kollegaene mine. Men eg ser også likskapstrekk i dei menneskelege mekanisamne i dei lågkyrkjelege rørslene og til dømes arbeidarrørsla, seier 58–åringen.
Standard frå bedehuset
I barndomsbygda Stanghelle i Vaksdal kommune, ein liten times køyretur frå Bergen, samsvarte den dogmatiske og etiske standaren langt på veg med det som vart formidla frå talarstolen på bedehuset. Mange hadde ein tydeleg kristen identitet. Leiande menn på bedehuset fekk gjerne leiarposisjonar i lokalsamfunnet også.
– Eg vart medviten min identitet i dette miljøet veldig tidleg, fortel Harald Stanghelle.
Daniel i løvehola
Han vart fødd inn i ein familie der gudstrua var heilt naturleg. Det var ikkje snakk om val eller ikkje val, men ein del av oppsedinga.
– På det området trur eg ikkje at indremisjonsrørsla skil seg frå andre miljø med klare verdiar. Foreldre overfører verdiane til borna sine, seier han.
Både på fars- og morssida har han sterke røter i det som den gongen heitte Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI), i dag Indremisjonsforbundet (ImF). På søndagsskulen var det sjølvsagt at Harald skulle være med. Og det var faren hans, samt ei tante og ein onkel, som stod for undervisninga. Bøkene han fekk å lese i barndomsheimen, fortalte fengjande om Daniel i løvehola og andre historier frå Bibelen.
Unntaket Berg
Nordhordland Indremisjons krinsblad Venehelsing kom sjølvsagt i postkassa, det same gjorde Dagen. Der gjekk redaktør Arthur Berg inn i dei store slaga i åndskampen. Faren til Harald Stanghelle var ein av mange i bedehusmiljøet som las leiarartiklane til Berg med største respekt.
– Berg var likevel på mange område meir liberal enn folket som dyrka han. Han kunne stå utanfor eit av dei store bedehusa og røykje, og så gå rett på talarstolen. Dersom andre hadde gjort dette, ville det nesten vorte definert som synd. Han var på mange måtar eit unntak, også på den måten at han var ein utprega intellektuell, i eit miljø nesten fritt for intellektuelle, påpeikar Stanghelle.
– Ordet fritenkjar representerte noko av det verste ein kunne vere. Eg syntest ordet var flott. Ein fri tenkjar! Det synest eg framleis.
Haikeeventyr
Som tolvåring, etter eit misjonsmøte på Frekhaug, fekk Stanghelle haike til Bergen med Arthur Berg og indremisjonsgeneral Birger Aadland. Det var eit eventyr.
– Eg hadde ein trygg oppvekst, men perspektiva var samstundes svimlande. Røyndomsforståinga gjekk ut på at våre små liv er vevde inn i ein samanheng som begynner med skapinga og sluttar med dommedag, og det har jo noko skremmende og svimlande over seg også. Dette fikk vi prenta inn veldig tidleg, seier Stanghelle.
Forakt og medynk
Oppveksten var ikkje typisk for Noreg på 1960-tallet, men derimot temmeleg gjennomsnittleg for det vestlandske bedehusmiljøet, trur han. Familien reiste regelmessig på kristne møte i andre bygder og på store stemne. Dermed fekk han frå starten av livet ei kjensle av å tilhøyre ei stor kristen rørsle.
– Det definitivt viktigaste som samla denne rørsla, var ei tolking av Bibelen som var svært konkret. Ein tok på djupt og bokstaveleg alvor at her skulle ikkje noko leggjast til eller trekkjast frå, og ein avviste at noko kunne forståast som bilete. Liberal teologi, som kunne problematisere jomfrufødselen eller meine at noko i Bibelen kunne vere skrive i overført tyding, vart berre møtt med forakt og medynk. Kampen mot liberal teologi var følgjeleg veldig viktig. Ordet vranglære hadde ei konkret meining, og lære vart prøvd etter denne målestokken, seier Stanghelle.
Pietistisk hegemoni
Når Stanghelle ser tilbake, meiner han det er ordet hegemoni som best samanfattar haldninga dei kristne organisasjonane hadde til samtidskulturen. Dei pietistiske ideala gjennomsyra deler av bygdesamfunnet i smått og stort.
Han synest bedehusfolket dyrka medvitet om å vere den utvalde, vesle flokken.
– Ein smykka seg gjerne med at ein vart håna av dei verdslege. Og alt dette er delvis rett, men ein kunne ikkje sjå før etterpå kor mykje av verdiane deira som prega det norske samfunnet elles, sier han.
Slik meiner han det var heilt inn på starten på 1970-talet. Han dreg fram fleire eksempel som illustrerer dette: Riksadvokaten gjekk til sak mot Jens Bjørneboe for utuktige skildringar i boka «Uten en tråd» i 1967. KrF-politikarar kunne frå Stortingets talarstol protestere mot usømelege scener i Fjernsynsteateret på NRK. Og kringkastingssjefen risikerte å måtte orsake dersom det vart banna i eit program på tv.
– Tidsånda, som ofte er blitt utskjelt, var annleis. Det store hamskiftet i det norske samfunnet er at det som var majoritetsverdiar, i dag er blitt mindretalsverdiar og sett på som noko sært, sier Stanghelle.
Stille om seksualitet
Mest tydeleg ser han endringane i haldninga til seksualitet.
– Det er ikkje lenge sidan homofili var ei ikkje-sak. Og medan samlivsspaltene i Vårt Land dei seinare åra har formidla kor viktig seksualitet er i kristne ekteskap, var det på 1970-talet berre éi avis som hadde noko som minna om seksualrettleiing, og det var Dagbladet, sier Stanghelle.
Han viser til spalta der man kunne spørre det danske rettleiarparet Inge og Sten.
I same avis skulle han sjølv bli sjefredaktør frå 1995 til 2000. Få publikasjonar stod så lågt i kurs som denne i barndomsmiljøet hans. Dagbladet var den fremste eksponenten for kulturradikalismen og dermed på mange vis den ideologiske motpolen til Dagen.
Nei til tv
I dag trur Stanghelle knapt ein skjønar korleis liberaliseringa i det offentlege romet har endra samfunnet, men også korleis dette har endra dei lågkyrkjelege rørslene.
– Eg hugsar jo veldig godt at det vart åtvara sterkt mot å kjøpe fjernsyn. Og eg hugsar også korleis det vart smilt då ein av dei som sterkast hadde åtvara mot fjernsyn i heimen, og var leiar for Stanghelle Indremisjon, hadde gått og kjøpt eit og såg på det bak nedrulla gardiner, seier Stanghelle.
Då mannen vart oppdaga, forsvarte han seg med omsynet til borna. Han ville ha kontroll på kva dei såg.
– I og for seg er tankegangen logisk, men i dag verkar det underleg at det fanst ei viktig rørsle som meinte at ein ikkje skulle ha tv i hus, påpeikar Stanghelle.
Bluferdig
Han trur ikkje ein kan analysere rolla til dei lågkyrkjelege utan å analysere samfunnet dei var ein del av.
– For å setje det litt på spissen var det få i Bygde-Noreg, uavhengig av kvar dei stod livssynsmessig, som den gongen kunne tenkje seg å hengje ut kvinneundertøy til tørk, seier han.
Dette vurderer han som eit utslag av kor djupt pietismens ideal om å vere bluferdig stakk mellom folk flest.
Noko av dette vart ståande lenge. Så seint som då han første gongen begynte i Aftenposten i 1991, galdt mange føringar for «gammaldags» sømeleg språk og innhald som i dag er fullstendig borte.
Konservativ
Samanlikna med dagens situasjon meiner han ein må erkjenne at mange medlemer i bedehusrørsla på 1960-talet levde under eit strengt kulturelt regime.
– Ein såg på det som eit teikn på nært føreståande fråfall dersom ei jente gjekk med øyredobbar, for ikkje å snakke om dersom ein hadde på seg litt leppestift. Det var definert som at det var noko gale, at ein var svak i trua. Eg hugsar at ein såg med forakt på Ten Sing-rørsla, med dei korte skjørta og rytmene der, seier han.
Den konservative grunnhaldninga ser han i samanheng med at den vestlandske indremisjonsrørsla var knytt til det tradisjonelle bygdesamfunnet.
– Bygdene var relativt lukka for impulsar utenfrå sammenlikna med i dag. Og ein kopla trua og tolkinga av denne til ein bygdetradisjon som ikke hadde for vane å kaste seg på alt nytt, snarere tvert om, sier han.
Sakte akseptert
I løpet av Harald Stanghelles barne- og ungdomsår skjedde det betydelege endringar i så måte.
– Ting som hadde vore utenkjeleg for kristne ti år tidlegare, vart sakte, men sikkert akseptert, seier han.
Dette meiner han også må forståast i samanheng med at det vart stor materiell framgang i denne perioden.
– Eit anna utviklingstrekk var at mange reiste bort for å ta utdanning, og noko så enkelt som at feriereiser vart vanlege, seier han.
Aktiv på leir
Som 13-åring braut Harald Stanghelle med bedehuset. Då hadde han vore svært aktiv i det kristne leirarbeidet i ein treårsperiode, særleg på Raknestunet på Osterøy. Men etter kvart begynte han vakle i trua. På 15-årsdagen melde han seg ut av Den norske kyrkja. Foreldra gav han ikkje lov til gjere det tidlegare.
– For meg handla det om ungdomsopprør, om pubertet, om ein ubendelig trong til stille spørsmål ved etablerte sanningar, og om tvil. Dessutan vart eg veldig tidleg politisk aktiv. 13,5 år gammel vart eg leiar for eit Unge Høgre-lag i Vaksdal, og eg begynte å skrive i avisene. Alt dette verka i same retning. Det betydde ikkje at det var uråd å vere politisk aktiv dersom ein var aktiv kristen, men det betydde at eg tidlegare enn mange andre oppdaga ei anna verd enn den eg var oppvaksen i, fortel Stanghelle.
STERKT MØTE: Lekpredikanten John Olav Larssen gjorde sterkt inntrykk på tenåringen Harald Stanghelle. Her talar Larssen til eit fullsett Jordal Amfi i 1957.
Nyskapande bibelcamping
Mellom det første oppbrotet og kyrkjeeutmeldinga gjorde han likevel ei erfaring som førte han tilbake til trua, om enn berre for ein periode. Møtet med John Olav Larssen, predikanten som mot sin vilje vart kalla Noregs Billy Graham, skulle likevel verte eit viktig livsminne. Familien Stanghelle oppsøkte, som så mange andre i same situasjon, Justøy bibelcamping utanfor Lillesand, den første i sitt slag i Norden.
Stanghelle påpeikar at Larssen braut nytt land ved å gi kristenfolket påskotet dei trengte for å reise på ferie med godt samvit. Når camping kunne kombinerast med åndeleg oppbygging, vart det forsvarleg.
Opp mot 50.000 menneske kunne i løpet av ein sommer benke seg i møteteltet til Larssen. Ellers i året reiste evangelisten landet rundt med Herberts revytelt, som han hadde kjøpt for å drive møtekampanjar. I eit telt er det som kjent ingen dørterskel, og møbelsnikkaren frå Egersund ville gjere det lett for folk å kome inn. Humor og parodiar brukte han også. Media undra seg over kor dristig Larssen var – og kva appell han hadde.
– Mange i bedehusmiljøa var skeptiske til verkemidla hans, men vart overtydde av resultata, seier Stanghelle.
Ukjend kjendis
I samband med at Stanghelle deltok i NRK-programserien «I bedehusland» i 1995, vart han beden om å invitere med ein gjest. John Olav Larssen var det sjølvsagde valet. Sidan hadde dei god kontakt heilt til Larssen døydde i januar 2009, 81 år gammal. Då skreiv Stanghelle ein kommentar i Aftenposten der han skildra Larssens vågemot, kreativitet og venlegsinna varme, men også det djupt personlege kjennskapet hans til livets mørke sider. Sjeldan har Stanghelle fått så mykje respons på noko han har skrive.
– Folk syntest det var utruleg at dei ikkje hadde høyrt om han, seier Stanghelle.
Det tek han som eit teikn på at den lågkyrkjelege vekkingsrørsla er undervurdert som kraft i det norske samfunnet. Sjølv om Larssen var kjendis på 1950- og 60-tallet, og til og med våga å leige Jordal Amfi for halde evangeliske møte, er han gløymd av dei fleste i dag.
– Det er forska relativt lite på vekkingsrørslene og leiande personar i desse, og kva påverknad dei har hatt på utviklinga av det norske samfunnet. Samstundes finst det mengder av akademisk arbeid om andre figurar innanfor kyrkje- og samfunnsliv som ikkje på langt nær har berørt så mange liv direkte, konstaterer Stanghelle.
Han forstår dette også som eit signal om kva plass rørslene han representerte, har i medvitet til folk flest.
– Den gongen utgjorde han ein kontrast til det folk venta seg. No skal det mykje meir til å vekkje oppsikt. Vi er blitt vane med så mykje, seier Stanghelle.
Rysta i London
Ein skal ikkje gå så langt tilbake før mykje var annleis, også for ein ung og søkjande Harald Stanghelle som hadde teke farvel med både bedehuset og statskyrkja. På interrail som 16-åring i 1972 hamna han i London og såg musikalen «Jesus Christ Superstar».
– Eg opplevde det heile som blasfemi, og det var eg lært opp til å vere redd for. Eg tenkte at det skulle ikkje forbause meg om teateret vart råka av noko fælt fordi ein sette opp noko slikt, minnest han.
Etterpå skreiv han ein kommentar i Dagen - der han begynte den journalistiske løpebana si som sommarvikar - og hevda med styrke at ein ikkje burde setje opp dette stykket på Den Nationale Scene i Bergen.
Konstant mobilisering
Slike kampar, der kristenfolket reiste seg mot kulturutviklinga på ei rekkje område, var det mange av på 1960- og -70-tallet. Over 700.000 skreiv under kampanjen mot mindre kristendomsundervisning i skulen. Ein tilsvarende aksjon mot sjølvbestemt abort samla over 600.000 signaturar. Og på denne tida hadde innbyggjartalet i landet enno ikkje passert fire millionar, mot over fem millionar i 2014.
– I dag måtte ein nesten hatt konstant mobilisering, og det er det ingen som orkar, seier Stanghelle.
I praksis meiner han mange kristne er prega av resignasjon i møte med samfunnsutviklinga. Men han understrekar at dette slett ikkje berre handlar om einskildsaker. Likestillingsutviklinga, liberaliseringsbølgja, og medie- og kommunikasjonsrevolusjonen har også spelt inn. Og folk flyttar meir på seg.
– Det ville vere naivt å tru at ein kunne ta vare på ei stivna form frå eit stivna samfunn, seier han.
Talande bispekor
Slik sett vart det eit tidsbilete for Stanghelle då han for nokre år sidan såg heile bispekollegiet kore til ein song frå nettopp «Jesus Christ Superstar». Denne vart til alt overmål framført av Hans Erik Dyvik Husby, også kjend som Hank von Helvete, under ein klimaseglas til København.
– Tyngdepunktet i Kristen-Noreg har flytta seg dramatisk. Det har alltid vore eit skisma mellom dei lågkyrkjelege organisasjonane og statskyrkja. Men samtidig var det mange prestar og alltid biskoper som ein likevel kunne kjenne seg nært knytta til. I dag ser ein at det er ei liberal tolking av både liv og lære som er dominerande i kyrkjeleg samanheng, seier han.
Solidaritet og ansvar
Sjølv om Stanghelle ideologisk identifiserer seg med dei liberale straumdraga som har utfordra bedehuskulturen, erkjenner han at kritikarane ofte har oversett positive sider ved den kulturen. Han meiner ein kan seie at tilbakegangen til bedehuskristendomen har teke frå einskildpersonar, og nokre gonger også samfunnet, «støttemuren ein kan ha i eit verdigrunnlag som er hogd i stein».
– Men det ein har vunne, er at den utbreidde fordøminga overfor folk som gjekk sine eigne vegar, har mista si kraft, sier han.
Han meiner det er mykje godt å seie om samhaldet og samfunnsmedvitet som har prega bedehusmiljøa.
– På sitt beste har dei formidla mykje solidaritet. Det er ikke vanskeleg å finne grunnleggjande trekk som har vore viktige. Dessutan trur eg alle samfunn har behov for motstraumsrørsler, seier han.
Stein i glashus
Målsaka, fråhaldssaka og EF-striden er eksempel på saker der han meiner bedehusrørsla har vore avgjerande for å mobilisere menneske og skape engasjement. Og han minner om at dei lågkyrkjelege rørslene har spelt ei vesentleg rolle politisk, ikkje minst då ein aksepterte at KrF vart ein del av grunnlaget for ein ny regjering, først i 1963 og så i 1965, etter nesten 30 år med Arbeidarpartiet ved roret.
– Slik sett er det lett å sjå på denne rørsla med eit tvisyn, sier redaktøren.
Han meiner mange av dei som har kritisert rørsla for å vere intolerant, også har vore einsretta.
– Dei var gjerne slavar under sine konvensjonar, men dei grunngav ikkje desse religiøst. Slik sett har det nok singla i mange glashus rundt omkring hos dei som har kritisert den lågkyrkjelege rørsla, seier han.
I våre dagar synest han likevel det er ein tydeligere tendens til at rørsla vert oversett enn at ho vert uglesett.
– No er det noko tafatt over rørsla. I eit samfunnsperspektiv framstår ho som nokså rådvill. Ein kunne så gjerne tenkt seg å ha ei mer potent rolle, men veit ikkje korleis ein skal få det til, sier han.
Meir tolerante
Sporadisk har Stanghelle framleis kontakt med menneske han møtte då han sjølv var ein del av bedehusmiljøet, og som enno er aktive der.
– Dei har endra seg fullstendig og fått eit heilt anna liberalt utsyn. Dei aksepterer at folk kan finne sin eigen måte å leve på og likevel rekne dei som sanne kristne. Det var noko av det som etter mitt syn var det verste med den lågkyrkjelege rørsla. Det vart institusjonalisert éin måte å leve på og éin måte å tolke på. Og det var den einaste rette. Det vil eg nok seie var dei autoritære trekka i dette, sier han.
Mindre alvor
Ein av de tydeligste forskjellane han meiner å observere i dag samanlikna med sin eigen oppvekst på bedehuset, er at alvoret ikkje er like tungt.
– I den vestlandske lågkyrkjelege kristendomsforståinga var helvete ein uvanleg konkret stad. Derfor var nettopp glansnummeret til mange lekpredikantar å gjere merksam på alvoret som låg i manglande omvending. I dag er mitt inntrykk at du finn mykje mindre av dette. Det er ikke så absolutt lenger. Slik eg oppfattar det, framstillest det ikkje slik at dersom du ikkje vil gjere som ein seier i Indremisjonsforbundet, så er du dømd for tid og æve. Den delen av både kristendomsforståinga og forkynninga opplever eg som fjernare, seier han.
Framleis forbøn
Samstundes som han registrerer betydelege endringar i rørsla, er det også ein del grunnleggjande ting Stanghelle kjenner igjen når han innimellom les kristne blad og aviser: Redsla for at ungdommen ikkje skal velje den same vegen som forgjengarane, uvissa rundt korleis det skal gå med misjonsarbeidet og så videre.
– Det er ein grunntone som ikke har endra seg, men samstundes har dei lågkyrkjelege rørslene endra seg veldig, sier han.
Framleis skjer det at personar Stanghelle kjenner frå bedehusmiljøet, fortel at dei ber for han.
– Eg set stor pris på varmen og omtanken, men har nok min tvil om det hjelper stort, seier han.
Felleskristen utfordring
Når Harald Stanghelle skal vurdere utviklinga og posisjonen til dei lågkyrkjelege rørslene i samfunnet, minner han om at kristendommen, i forskjellige utgåver, har fått ein svekt posisjon i dei fleste vestlige land. Fenomenet sekularisering er ikkje særnorsk.
– Dersom ein spør seg om det måtte gå slik at dei lågkyrkjelege rørslene her til lands fekk ei svekt stilling, vil eg svare delvis ja, sier han.
Han viser til at utviklinga på mange måtar har vore lik i både protestantiske og katolske land, trass i at kyrkjene på mange måtar har hatt stikk motsett strategi i møte med dei kulturelle omveltningane.
– Medan Den norske kyrkja diskuterer homofile ekteskap, seier Den katolske kyrkja framleis nei til prevensjon. Men grepet om massane er ikkje det samme for nokon av dei, sier han.
DOBBELTMORALSK: Harald Stanghelle meiner mange har kasta stein i glashus når dei har kritisert bedehusrørsla. FOTO: Hanne Kristin Dypedal
Open om framtida
Om det vil vere mogeleg at vekkingskristendomen igjen får ei dominerande samfunnsrolle, synest han det er vanskeleg å spå om.
– Eg tilhøyrde dei som trudde at religionen hadde utspelt si rolle som samfunnsformande kraft. Eg hadde ikkje sett at dette kunne kome frå ein annan religion, seier han, og viser til den omfattende debatten om islams plass i Europa. Han påpeikar at samfunnet endrar seg svært raskt og på mange måtar samtidig.
– I Europa vart ei finanskrise til ei gjeldskrise som igjen kan verte til en sosial krise som kan føre til ei politisk krise. Du anar ikkje om for eksempel fascistliknande rørsler vil marsjere igjen. Vi anar ikkje kor stor påverknad innvandringa til Europa vil få. Og vi anar ikkje kva krefter og motkrefter som vil dominere, seier Stanghelle.
Det gjer at han ikkje vil utelukke at også kristendomen kan kome til få ein meir sentral posisjon igjen i framtida.
– Eg tør ikkje seie noko om kva veg utviklinga vil gå, seier han.