PROFILERT: Som pressetalskvinne er Karoline Leavitt ein av dei mest synlege representantane for Trumps administrasjon.
FOTO: Evan Vucci / AP / NTB
Pressetalskvinne: – Eg trur heilt klart på åndskamp
Karoline Leavitt (27) fortel at ho ber før kvar pressekonferanse i Det kvite hus.
Leavitt er tidenes yngste til å ha den prestisjetunge rolla som pressetalsperson for den amerikanske presidenten. Dagen skreiv om henne tidlegare i år.
Den låge alderen inneber ikkje at ho er forlegen. Då ein journalist spurde om ho nokon gong hadde betalt toll, svarte ho:
– Eg synest det er fornærmande at du prøver å teste kunnskapen min om økonomi og avgjerder som presidenten har teke, sa Leavitt.