SAMARBEID: Prest Aksel Lygre gler seg over økumenisk samarbeid fram mot feiringa av kristenretten.

Prest håpar på vekkingsluft under feiring av kristenrett

Kristne på Bømlo går saman for å markere tusen år med kristent inspirert lovgiving i Noreg.

Kristenretten vart vedteken på Mostratinget i 1024. Til våren vil det bli markert i øykommunen Bømlo i Sunnhordland, der Moster ligg.

Folk frå Den norske kyrkja, bedehuset og frikyrkjelydar har engasjert seg i ein felleskristen komité.

– Eg opplever samarbeidet veldig spennande, seier prest Aksel Lygre.

– Behov for motkultur

Komitéleiar Haakon Georg Grung Moe gler seg over interessa og engasjementet han opplever på tvers av kyrkjegrenser.

– Vi håper markeringa skal bli fungere som folkeopplysing for våre eigne, seier Moe.

Kristenretten

Kristenrett var i tida før reformasjonen (1537) den delen av norsk rett som gjaldt kyrkjelege forhold.

Den eldste kristenretten skal ha blitt innført av eit ting på Moster i 1024, på initiativ frå Olav Haraldsson.

I 2024 vert tusenårsjubileet markert med eit rettsjubileum i offentleg regi.

Ein felleskristen komité på Bømlo arbeider for å informere, inspirere og koordinere feiringa av den kristne arven av tusen år med kristenrett i Noreg.

Ofte synest han kristninga vert einsidig negativt framstilt som tvang og sverdmisjon. Han ser behov for få fram dei positive konsekvensane for mellom anna menneskeverd, frigiving av slavar, forbod mot utsetjing av born, innføring av ein fridag for alle kvar veke, slutt på vikingtokt og monogami som einaste samlivsform.

– Det vi held på med er motkultur. Vi treng ei ny og annleis opplysingstid der vi snakkar sant om den historiske arven vår. Jubileet neste år ein ein gyllen sjanse til det, seier Moe.

Ikkje berre for kristne

Til våren er det planlagt fleire markeringar i regi av felleskristen komité:

Regional felleskristen jubileumsfeiring søndag 19. mai, som er første pinsedag. Nasjonal bønekonferanse 24. - 26. mai, samt fleire kristne arrangement under det nasjonale rettsjubileet frå 29. mai til 2. juni.

Det siste er den offisielle markeringa av jubileet. Dette vert avslutta med konserten «Himmelske toner gjennom tusen år», som det også var ein versjon av i Nidarosdomen i juni.

– Det er veldig viktig for oss å understreke at det vi markerer, ikkje gjeld spesifikt for kristne. Det gjeld vår nasjons fellesverdiar og etikken vi skal byggje vidare på, seier Moe.

Håper på åndeleg fornying

– Kva forventningar har du til markeringa, Aksel Lygre?

– Takksemd er det første som slår meg. Eg håper vi skal få sterkare takksemd for kristenarven. Og håper på auka innsikt og kunnskap for kva denne har betydd for oss som land og folk. Nordmenn er meir kristne enn dei sjølve veit om, seier soknepresten på Moster.

Samstundes ønskjer han å erfare ei åndeleg fornying.

– Eg håper det ikkje berre skal vere kulturkristendom, men vekkingsluft over landet, seier han.

Presten understrekar at eit land aldri kan vere kristent på same måten som eit menneske kan vere det.

– Eit menneske kan vere eit Guds barn. Gud har ingen barneborn. Evangeliet må vidare til kvar ny generasjon, seier han.

Powered by Labrador CMS