Prest kritiserte Pride – seier han blei uønska som kunde i banken
Banken avviser at dette var grunnen. Statsråd varslar tiltak mot bankar som vil sensurere kundane.
Den anglikanske presten Richard Fothergill (62) hadde hatt same bank i 17 år då samarbeidet brått blei avslutta.
Til avisa The Times fortel Fothergill at kundeforholdet tok slutt fordi han har kritisert ny kjønnstenkning.
Overskrifta i storavisa lyder slik:
«Yorkshire Building Society ‘closed vicar’s account after trans protest’».
Eit nyhendebrev frå banken skal ha oppfordra kundane til å kome med sine synspunkt og kommentarar på den årlege Pride-månaden.
Det gjorde Fothergill.
– Passe på folk sin pengar
Ifølgje presten fekk han fire dagar seinare vite at han ikkje lenger var ønska som kunde og at kontoen hans ville bli stengt.
Fothergill blei forundra.
– Dei er ei finansverksemd. Dei er ikkje her for å handheve sosiale haldningar. Etter mi meining skal dei konsentrere seg om å passe på folk sine pengar i staden for å promotere LHBT-ideologi, seier presten til avisa.
Kjend i Noreg
Han er ikkje lenger sokneprest, men leiar for det evangelikale nettverket Filling Station Trust. I Kristen-Noreg er han mellom anna kjend som hovudtalar på Oase i fjor. Han kjem tilbake til årets Oase-stemne i Fredrikstad 11.-16. juli.
Dagen har tidlegare fortalt historia om ekteparet Fothergill og deira verksemd i grevskapet Cumbria nordvest i England.
Banken avviser
Banken, Yorkshire Building Society, avviser framstillinga.
– Vi vil aldri stengje ein sparekonto på grunna av ulike haldningar eller tilbakemeldingar. Vi tek berre den vanskelege avgjerda om å stengje ein kunde ute dersom kunden er uhøfleg, sjikanerande, valdeleg eller på annan måte diskriminerande – og alltid basert på konkrete fakta.
Det seier ein talsperson for banken, ifølgje nettavisa Premier Christian News.
– Eg veit at kanselleringskulturen finst, og dette er mi første erfaring med den. Eg vil ikkje at nokon andre skal bli utsett for denne mobbinga, seier Fothergill.
Saka er ikkje eineståande. Danske Kristeligt Dagblad fortel om ei kristen gruppering i Nord-Irland, som nyleg har fått erstatning frå storbanken Barclays på 21.500 pund, tilsvarande rundt 250.000 norske kroner.
Banken stengde kontoen for mellom andre organisasjonen Core Issues Trust, som er kjend for tilbod om omvending av homofile.
Etter ein kampanje mot gruppa valde banken å stogge samarbeidet.
Valde forlik
Dagen har tidlegare omtalt denne saka. Core Issues Trust tok saka til retten, noko som enda med at banken valde å inngå eit forlik.
70.000 personar skreiv under på eit opprop til støtte for gruppa. Banken gjekk med på å gi kunden ein kompensasjon, men kundeforholdet er ikkje gjenoppretta. Barclays har ikkje kome med noko form for orsaking, skriv Church Times.
Eit anna døme er Nigel Farage, tidlegare profilert leiar av The Brexit Party. Han har fortalt korleis banken hans utan forvarsel stengde kontoen hans og om kor vanskeleg det var å skaffe seg ein ny bank.
Den britiske finansministeren Jeremy Hunt likar ikkje at finansinstitusjonar vurderer sine kundar på denne måten.
– Ingen bør få sin bankkonti stengt, for dei har ytringsfridom, seier ein talsperson for statsråden til The Telegraph.
Han varslar at regjeringa i løpet av nokre veker vil komme med tiltak mot denne forma for sensur.
Direktør Mike Davidson i Core Issues Trust er tidlegare omtalt i Dagen etter eit besøk i Bergen i 2019. Der fortalde han si eiga historie om korleis han hadde gått frå homofil til heterofil.
Davidson meiner bank-saka bør vere ei åtvaring om kva som skjer dersom den britiske regjeringa går vidare med planane om forbod mot konverteringsterapi.
– Den einskilde sin fridom kan ikkje kontrollerast av bankar, politikarar, aktivistar eller terapeutar. Det er den retten dei har fått av Gud, skriv Davidson i ei pressemelding.