Prestebustad pussa opp for 8 millionar, men ingen vil bu her

Den ærverdige prestebustaden i Ullensvang er kanskje blitt for fin? – Ja, kanskje, seier stiftsdirektør. - Nei, seier prosjektansvarleg for rehabiliteringa.

Publisert Sist oppdatert

Tapeten er slik den var då huset vart bygd i 1866. Stilreine lysekroner minner om ei tid som var.

Prestegarden i Ullensvang er på lista over kulturminne, og huseigar OVF (Opplysningsvesenets Fond) måtte difor gå grundig til verks då bygningen skulle pussast opp.

Prosjektansvarleg Jan Stedje meiner ein vakker prestebustad virkar rekrutterande med tanke på å skaffe bygda ny prest.

Stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit i Bjørgvin er ikkje heilt sikker på det. Han trur vakre tapetar og lysekroner kan virke forlokkande på nokon, kanskje meir avskrekkande på andre.

Overraska

Det byrjar å bli nokre månader sidan dens staselege bygningen i postkortfagre Lofthus stod ferdig restaurert. Håpet var at ein vakker prestebustad ville lokke til seg søkjaraar no som bygdene på austsida av Sørfjorden i Hardanger trong ny prest.

Men slik har det ikkje gått. Stillinga som sokneprest er lyst ut to gonger med magert resultat. Bjørgvin bispedømme og Hardanger og Voss prosti har ikkje fått ein einaste søkjar dei kan kalle inn til jobbintervju.

Jan Stedje, prestegardsinspektør i OVF, seier han er litt overraska.

– Eg har heile tenkt at ein prestebustad med slike kvalitetar virkar rekrutterande. Men det er jo for tida liten søkning til alle prestestillingar, seier han.

– Eit godt hus å bu i

Prosjektleiaren fortel om eit interessant arbeid for ein som er glad i gamle bygningar.

– Det er jo difor eg har denne jobben.

Prosjektet har vore todelt: Fleire stover er så langt det er råd, ført tilbake til det opphavelege. Lag på lag med tapet er fjerna for å finna den inste, som blei limt på veggane for over 150 år sidan.

Kjøkken og bad, derimot, er moderne og laga etter dagens standard. Stedje fortel at huset no er godt isolert og har rimeleg oppvarming med vannboren varme.

– Det er ikkje rett og slett blitt for fint?

– Nei, eg tenkjer at det er eit godt hus å bu i.

– For kven som helst?

– Ja, det meiner eg.

– Også for ein familie med små born?

– Eg meiner det, ja.

Prisen kom til slutt på over 8 millionar kroner. Prosjektleiaren har ingen problem med å forsvare kostnaden.

– Når du skal restaure eit slikt hus, er det like arbeidskrevjande som å byggje eit nytt. Vi har ikkje vald veldig dyre løysingar. Tapetane er fabrikkproduserte, sier Stedje.

Mindre mobilitet

– Vi har nok meir bruk for ein bruksbustad enn eit kulturminne når vi skal få nye prestefolk til Ullensvang, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit i Bjørgvin.

Men også andre tilhøve spelar inn. Fjelltveit snakkar om mindre mobilitet i presteskapet enn før. Ein skal gjerne ha jobb til ektefellen og kjenne ein tilknytning til staden. Buplikta er oppheva, og mange av dagens prestar eig sine eigne hus. Då blir det vanskelegare å flytte på seg.

– Generelt kan ein seie at ein god prestebustad virkar rekrutterande, seier Fjelltveit.

Han er imponert over kor fin bustaden i Ullensvang er blitt, men er ikkje overtydd om at den vil appellere til så mange potensielle søkjarar, særleg ikkje til prestefamiliar med små born. Førebels må bygda nøye seg med vikarløysing.

– Når ein listefører ein bustad som eit kulturinne, vil nokre finne det interessant.som eit hus å flytte inn i. For andre virkar det kanskje ikkje slik.

Treng brukshus

Stiftsdirektøren er samd i at prestebustaden trong ei kraftig oppgradering, men skulle gjerne vore meir i dialog med huseigaren om korleis det skulle gjerast.

– Er bustaden rett og slett blitt for fin?

– Ja, kanskje. Frå vår synsstad tenkjer vi nok det. Vi har nok meir bruk for ein bruksbustad enn eit kulturminne når vi skal få nye prestefolk til Ullensvang.

På den andre sida er bustaden blitt kjend for eit større publikum gjennom eit tv-innslag på NRK.

– Det er eit spanande hus, og Lofthus er ein fin plass. Og no er vi faktisk blitt kontakta av ein prest som har lyst til å kome og sjå på forholda, seier han.

Powered by Labrador CMS