Presten er den siste av sitt slag i Bjørgvin. No melder han seg ut av Den norske kyrkja
– Det er jo ei sorg. Ei sorg eg har hatt i meg lenge over utviklinga i kyrkja.
I 2020 slo Bispemøtet fast at ingen prestar kan nekte å forrette gudsteneste med sine kvinnelege kollega.
Det har ført til at fleire konservative prestar har gått over til andre trussamfunn.
No følger den mykje omtalte presten Sverre Langeland etter.
– Det er Den norske kyrkja som har forlate den felles kristne tru. Det er ikkje eg, seier han.
Debatten om kvinnelege prestar
I 1961 vart den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja, Ingrid Bjerkås, ordinert.
Sjølv om folkekyrkja sidan den gong berre har hatt eitt offisielt syn på prestetenesta, at den er for både kvinner og menn, har det i praksis heile vegen vore interne spenningar rundt spørsmålet.
Langeland, som er sokneprest i Sandviken kirke i Bergen, er ein av dei som har markert seg på den konservative sida av debatten.
I vinter omtalte Dagen at han går av med tidleg pensjon i sommar etter rundt 40 år i teneste.
Denne helga er det avskjedsgudsteneste for han.
Studieløp
Då Langeland som ung stod overfor sin yrkeskarriere, hadde han likevel ingen plan om å bli prest.
Han begynte først å studere psykologi, og deretter tok han grunnfag i kristendomskunnskap på Lærarakademiet, i dag kalla NLA Høgskolen i Bergen.
– Det var nok opplevinga av at teologien gav eit djupare svar på kva eit menneske er enn det psykologien gjorde som vart avgjerande for studievalet, seier han.
Planen med teologistudiet var likevel heller ikkje å bli prest.
Det starta som ei fagleg interesse, men eit møte med den dåverande presten i Sandviken kirke, Victor Meyer, skulle få prestekallet til å spire.
Langeland begynte å gå på gudsteneste med Meyer og oppleve stor glede av den liturgiske messa. Eit stykke ut i utdanninga bestemte han seg.
Han skulle gå i Meyers fotspor og bli prest.
Embetsteologi
Det var først etter teologistudiet var ferdig at spørsmålet om kvinnelege prestar skulle hamne på agendaen for Langeland.
Mot slutten av studiet drog han til Oslo for å ta den avsluttande delen av presteutdanninga, praktikum. Der forventa han å lære om embetsteologi, altså kva ein prest teologisk sett er.
Men Langeland skulle bli skuffa.
Professoren, Rose Marie Köhn, som seinare blei den første kvinnelege biskopen i Noreg, ville heller undervise om presterolla, forklarer han.
Sidan Langeland ikkje hadde råd til å studere meir då han var ferdigutdanna, begynte han eigenhendig å lese seg opp på temaet først etter han var blitt prest.
– Då fann eg ut at prestenesta var innstifta av Jesus sjølv. Og eg kan ikkje førestille meg at han ikkje skulle sett inn kvinner dersom han ønska det. Eg trur ikkje han var bunden av konvensjonar, seier han.
Etter at han hadde landa i den overtydinga, tok han kontakt med biskopen sin og spurde kva han skulle gjere. Eit slikt syn var jo ikkje i tråd med kyrkja si offisielle lære.
Langeland fekk likevel til svar at det fanst eit sett med «køyrereglar». Dei skulle sette rammene for korleis prestar med eit konservativt embetssyn skulle ta omsyn til sine kvinnelege kollega.
Så lenge han tok omsyn til desse reglane, skulle det gå fint.
Liberalisering av kyrkja
I byrjinga av prestekarrieren hans var det mange i same situasjon. Men med tida har Den norske kyrkja blitt meir og meir «liberal», og det har blitt vanskelegare og vanskelegare å stå for ein konservativ teologi, meiner presten.
Når Langeland no går av med tidleg pensjon, er han den siste med eit konservativt embetssyn i Bjørgvin bispedømme, kunne Vårt Land melde i vinter.
– Den apostoliske trua som eg vil stå for er i ferd med å bli marginalisert, seier Langeland.
– Har du opplevd deg diskriminert?
– Eg vil ikkje seie det. Men det klart at å gjere noka kyrkjeleg karriere har vore umogleg for meg med det eg står for, seier han og legg til:
– Men å vere prost har aldri vore attraktivt for meg. Og biskop – stakkars folk – det ønsker eg ikkje ein gong mine venner. Ikkje mine fiendar heller. Sjølv folk med solid teologisk ballast maktar ikkje å stå imot presset frå den nye læra, og misser andeleg autoritet, for å seie det rett ut.
– Men det er vel dei som har opplevd seg diskriminert av deg også?
– I den grad at folk føler seg diskriminert av meg, synest eg det er feil bruk av omgrepet. Eg har følgt køyrereglane og den avtalen har eg skriftleg med biskopen, seier han.
– Men eg har sagt at eg ikkje kan komme på enkelte gudstenester og har vist til desse køyrereglane.
Langeland har likevel forståing for at det kan opplevast sårande når han ikkje vil dele nattverd med kvinnelege prestar, berre på grunn av kva kjønn dei er fødd med.
Dagen har sett den skriftlege avtalen med biskopen som Langeland visar til. Det er eit godkjent referat frå eit møte mellom tidlegare biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug, og Sverre Langeland.
Nye «køyrereglar»
Då Bispemøtet (biskopane i Den norske kyrkja) for rundt tre å sidan oppheva desse «køyrereglane», endra situasjonen i kyrkja seg.
Langeland meiner vedtaket har opna for «å mobbe prestar ut av kyrkja».
I ettertid av vedtaket har fleire konservative prestar meldt seg ut, derimellom soknepresten i Sogndal, Mikael Bruun, og soknepresten i Giske og Vigra, Benjamin Anda.
No følger Langeland etter. Men først skal han stemme ved kyrkjevalet i haust.
– Det er ei sorg. Det er ei sorg eg har hatt i meg lenge over utviklinga i Den norske kyrkja. Samtidig er det ei glede over å ha fått vore prest. Og inntil eg går av nå, så har eg prøvd å gjere det med truskap og integritet, seier han.
Ikkje berre kvinneprest-spørsmålet
Langeland understrekar at han ikkje berre melder seg ut på grunn av spørsmålet om kvinnelege prestar, men fordi han meiner Den norske kyrkja har hamna feil veg.
– Eg har ikkje tru på folkekyrkja. Den legg til grunn at vi har eit kristent folk, og det har vi ikkje lengre. Vi tilpassar stadig trua for å få den til å passe folket, og eg lurer på kva av den kristne trua som vil vere igjen i Den norske kyrkja til slutt, seier han.
Han meiner også at den statlege finansieringa av kyrkja har ført til at ho må halde seg innanfor det politisk korrekte. Den har i større og større grad, seier han, blitt til eit «statens religiøse kontor».
Han meiner til dømes trenden med «dropp in dåp» viser at kyrkja er blitt «eit religiøst service-organ».
– Befalinga frå Jesus er å gjera disiplar ved å døypa og læra opp dei døypte. Det at kyrkja på den måten forsømmer dåpsopplæringa, har vore noko av det mest krevjande for meg. Eigentleg endå meir krevjande enn spørsmålet om kvinnelege prestar, seier han.
Biskop svarar
Ragnhild Jepsen er biskop i Bjørgvin og har dermed ansvaret for det andelege tilsynet med Sandviken kirke og Sverre Langeland. I kvart fall inn til han går av med pensjon.
Ho har sett kritikken Langeland rettar mot Den norske kyrkja, men ønsker likevel å takke Langeland for ei lang teneste i kyrkja.
Den nyinnsette biskopen skriv i ein mail til Dagen at «det er rom for ulike meiningar mellom tilsette, frivillige og medlem av kyrkja.»
Samtidig står ho fast på at «det ikkje er nokon rettigheit i kyrkja å reservere seg mot å samarbeide med kollegaar om oppgåvene.»
Vegen vidare
Langeland avslører at han no vil begynne å gå fast i Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK), mellom anna fordi Benjamin Anda snart byrjar som prest i DELK Bergen.
Han er ein nær venn av Langeland og har vore aktiv i Sandviken kirke gjennom heile studietida si på NLA Høgskolen.
Langeland har likevel ikkje landa på om det er der han til slutt endar opp. Til hausten skal han nemleg på ein 30-dagars retreat.
– Då skal eg spørje Gud kva han vil bruke meg til, og eg reknar med at etter 30 dagar i stille, så vil eg bli i stand til å lytte veldig godt.
Det han er sikker på, er at han vil ende opp i ei liturgisk kyrkje.
– Eg trivst på bedehuset, men kunne aldri hatt min andelege heim der. Då skulle det ha vore ein djup nød, seier han.