ERFAREN: Marit Johanne Bruset har over 40 års erfaring som psykolog og har arbeidd mange år med born og unge.
Tore Hjalmar Sævik
Psykolog om forbod mot konverteringsterapi: Det er ein tragedie
Marit Johanne Bruset fryktar at fagfolk vil vegre seg mot å arbeide med kjønnsidentitet.
Bruset har jobba som psykolog i over 40 år. Dei siste åra har ho engasjert seg i den offentlege debatten om kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsskifte.
Det ligg no an til at Stortinget i desember vil vedta forbod mot såkalle konverteringsterapi. Forbodet omfattar både legning og kjønnsidentitet.
Bruset har uttrykt uro for at eit slikt forbod kan gjere situasjonen vanskelegare for born og unge som er ukomfortable med kroppane sine.