Psykologispesialist Marit Johanne Bruset meiner at det var uansvarleg av NRK å stille eit slikt spørsmål til born. Foto: Privat og Herman Franzen

Psykolog om NRK Supers homospørsmål: – Hårreisande og fagleg uforsvarleg

Psykologspesialist Marit Johanne Bruset melder no kanalen inn til Kringkastingsrådet.

Publisert Sist oppdatert

Dagen melde i går om NRK Super-appen Svar-o-meter, som spurte fleire tusen born spørsmålet “Er du hetero eller homo eller noe midt i mellom”. Over 15 000 born svarte på spørsmålet.

Psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig, Marit Johanne Bruset, går hardt ut mot NRK Super, og kallar spørsmålet “hårreisande og fagleg uforsvarleg”. Ho har difor meldt NRK Super inn for Kringkastingsrådet.

– Eg reagerer på at dei henvender seg direkte til borna. Seksualitet og kjønnsidentitet er veldig lada tema i dag, og vi veit lite om korleis mediekøyret som går på seksualitet og kjønn påverkar borna, og spesielt dei sårbare borna, seier Bruset til Dagen.

– Hårreisende

Bruset har sidan starten på 1980-talet jobba innanfor barnefeltet, både i terapi, som sakkyndig for Domstolen og for Barnevernet. Ho meiner at NRK er med på å forvirre borna.

– Dei adresserer spørsmålet direkte til born i ni-årsalder. Ein ni-åring vil vanlegvis ikkje begynne å reflektere på om han eller ho er bifil eller ikkje. Eg synest det er hårreisande og fagleg uforsvarleg, meiner psykologspesialisten.

Går FRI sitt ærend

Bruset seier at store delar av fagmiljøet hennar støttar Pride-rørsla, men ho meiner å sjå ei endring.

– Fagmiljøet har på lik linje med resten av verda blitt manipulert til å tru at dette handlar om mangfald, men også her har ein begynt å stilla spørsmål.

Bruset ber folk tenkje seg om før dei vel å gå i Pride-tog, og ho kritiserer store selskap som DNB og hotellkjeda Nordic Choice for å støtta Pride.

Professor i sexologi ved Universitetet i Agder, Esben Esther Pirelli Benestad, seier at han er motstandar av å plassere born i legningar. (Foto: UiA)

– For vakse spørsmål

Professor i sexologi ved Universitetet i Agder, Esben Esther Pirelli Benestad, meiner også at spørsmålet ikkje burde blitt stilt i appen.

– Eg synest at det er eit for vakse spørsmål å stille til born. Eg ville mykje heller spurt “Har du vore forelska nokon gong”, og “Kva person var du forelska i?”, seier Pirelli Benestad, og held fram:

– Ser ein tilbake på det så er ein homo eller hetero frå fødselen av, men det veit ein ikkje før ein er vaksen. Eg har aldri vore begeistra for å diagnostisere born og plassere dei i legningar, men heller la dei utforske den verda dei har kome til, seier han, som sjølv brukar pronomenet “hen”..

– Skal ikkje tvinge

Pirelli Benestad meiner at ein ikkje skal fokusere på born sine legningar, og oppmodar om å la borna finne ut av dette sjølv.

– Eg synest ikkje ein skal tvinge legningar på små born, men heller høyre kva som kjem til uttrykk, og prøve å oppfatte og hjelpe dei til å leve liva sine på det området, meiner sexologen.

Esben Esther Pirelli Benestad går sjølv i Pride-tog, og har ein regnbogefarga kjole i skapet. Professoren meiner at det er viktig å gå i toget fram til mangfaldet har blitt ei sjølvfølgje.

– I skaparverkets endelause kompleksitet er det uvanlege like sjølvsagt som det vanlege. Går vi inn i detaljane, ser vi at det uvanlege ikkje er ein sjukdom, men ein variasjon, avsluttar Pirelli Benestad.

Dette er saka

I går skreiv Dagen om NRK Super-appen Svar-o-meter som spurte fleire ti-tals tusen born om dei er “hetero eller homo eller noe midt i mellom”.

Spørsmålet vart kritisert av teolog Espen Ottosen og to-bornsfar Harald Høidahl.

NRK Supernytt sa at spørsmålet var meint å gjere det enklare for borna å relatere seg til teamet.

Powered by Labrador CMS