Pustar seg til eit godt liv

– Mindfulness aukar nærværet og livsgleda. Responsen kan vere å takke Gud, seier teologiprofessor Odd Magne Bakke.

Publisert Sist oppdatert

Odd Magne Bakke har i ei årrekke arbeidd som teologiprofessor ved Misjonshøgskulen i Stavanger, no VID, og mellom anna undervist i kurset «Lykke gjennom tidene». I samband med dette kurset las han seg opp på mindfulness, og blei interessert i å finne meir ut av det. Han melde seg derfor på eit kurs i mindfulness-basert stressmeistring.

Det han lærte på kurset og gjennom daglege øvingar gjorde godt, både for den generelle trivselen hans og relasjonen han hadde til seg sjølv og andre.

– Eg opplevde at mindfulness gav meg noko, eg fekk ei større grad av livsglede, for å bruke eit litt stort ord. Det resonnerte i meg og gav meg såpass mykje at eg også har teke instruktørutdanning, fortel han.

Inga motsetning

No har Bakke skifta beite og er leiar ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Men kva handlar eigentleg mindfulness om, denne teknikken som viste seg å gi han så mykje? For nokre år sidan gjekk debatten, også i Dagen, om denne praksisen som opphavleg har sitt utspring i buddhismen. Fleire åtvara då kristne mot å ta i bruk mindfulness, av frykt for at det innebar andelege krefter og ei buddhisme-inspirert likegyldig haldning til omverda.

– Kva tenker du om bakgrunnen din som teologiprofessor og engasjementet ditt for mindfulness?

– Eg er klar over at enkelte synest mindfulness er problematisk med tanke på den kristne trua. Sjølvsagt veit eg at teknikken kjem frå ein buddhistisk tradisjon, men det går an å lausrive det religiøse elementet og bruke det berre som ein psykologisk teknikk. Det avgjerande er konteksten for praksisen, forklarer han.

Bakke viser til at livet er for kort til at han ønskjer å kaste seg ut i ein oppheita debatt om kristne kan praktisere mindfulness eller ikkje. Sjølv tenker han at Gud har skapt nyttige og gode element i alle religionar.

– Då kan ein ut frå eit kristent perspektiv gjere bruk av det som er godt for menneske og samfunn, så lenge det ikkje strir mot den kristne trua. Kva er ukristeleg med å sitte og kjenne på sin eigen pust og dermed få eit meir medvite forhold til sine eigne tankar og følelsar?

Rommar både godt og gale

For Odd Magne Bakke er mindfulness både ein psykologisk teknikk og ei haldning til livet. Han presisere at ein ikkje kjem langt med å berre lese om det.

– Å lese om mindfulness utan å praktisere øvingane, er som å lese kokebøker utan å lage mat.

Øvingane han praktiserer er todelte, anten sitjande meditasjon eller såkalla kroppsskanning. Då skal ein utvikle evna til medvite nærvær ved å ha merksemda på pusten, følelsane og det ein kjenner i kroppen, utan å vurdere eller analysere det som måtte dukke opp.

– Det kan vere ganske kjedelege greier å sitte og kjenne på pusten. Tankestøy og rastløyse kan fort dukke opp. Når eg blir klar over at tanken har tatt meg vekk frå pusten, vender eg venleg tilbake til pusten. Denne erfaringa har gjort det tydeleg for meg kor intens tankeverksemda er, og kor fort autopiloten slår inn og eg begynner å vurdere situasjonen som bra eller dårleg, forklarer han.

Venleg samtale

Bakke forklarer at mindfulness blir som ein venleg samtale med seg sjølv, der ein prøver å vere verken vurderande eller dømmande. På den måten øver ein opp meir aksept og tolmod både for seg sjølv, men også for dei rundt seg.

– Det relasjonelle kan ofte gå på autopilot, men denne metoden hjelper oss å sjå med opne auge. Det er ei haldning der eg prøver å forankre meg sjølv meir i augneblinken, og ikkje vere så opptatt av fortida og framtida som vi ofte er, seier han.

I kvardagen fungerer det slik at dersom han til dømes har ein krevjande samtale på jobben, tek han nokre minutt i stillheit for å sjekke kvar han er tanke- og kjenslemessig for å kunne vere mest mogleg til stades i samtalen med ei opa haldning.

TRO: Hvor går grensen mellom kristendom og buddhisme? Kan jeg som kristen praktisere yoga og mindfulness?Posted by Dagen on Monday, October 10, 2016

Sterkare inntrykk

Bakke tek med seg teknikken ut i livet på fleire område.

– Eg har inga forventning eller mål om å få noka guddommeleg erfaring eller innsikt når eg mediterer, men konsekvensen kan bli at ein er meir til stades. Til dømes brukar eg pusten til å samle meg om det som skjer når eg går til gudsteneste. Eg forsøker å vere meir til stades i felles bønn eller nattverd, fortel han.

Opptreninga av sanseapparatet og kontakta med det kroppslege kan også vere med på å opne opp for Gud, trur han.

– Når ein går ute i naturen og tek inn sanseinntrykk, kan ein gjennom mindfulness ha øvd seg opp til å ta inn meir av naturen. Då kan ein bli fylt av ei slags livsglede. For meg som eit kristent menneske blir det naturleg å takke Gud for det eg då ser og opplever.

– Ikkje alternativt dilldall

– Kvifor trur du at mindfulness blir kritisert i enkelte kristne samanhengar?

– Ei rørsle som Aeropagos er open for denne forma for meditasjon, medan ein har sett meir skepsis i lågkyrkjelege samanhengar. Det kan handle om at det liturgiske er mindre framtredande i lågkyrkjelege samanhengar. Eit liturgisk gudstenesteliv med vekt på sakramenta har er ei rolegare, meir meditativ rytme, peikar han på.

Samtidig viser han til at på Haukeland universitetssjukehus i Bergen får enkelte kreftpasientar tilbod om kurs i mindfulness og at mange psykologar brukar element frå mindfulness i klinisk praksis. Fotballag og Forsvaret har også brukt mindfulness for å vidareutvikle evna til nærvær og konsentrasjon.

– Så dette er jo ikkje noko veldig sære greier som alternativrørsla held på med, seier han.

Powered by Labrador CMS