ANKE: Tidlegare statsråd Päivi Räsänen møtte torsdag i lagmannsretten for første dag i ankesaka mot henne.

Räsänen i retten: Forståing av synd er eit sentralt tema

Den kristne finske politikeren seier ho kjenner seg trygg på å vinne i ankesaka for ytringar om homoseksualitet.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag starta ankesaka mot Räsänen i lagmannsretten i Helsinki. Ved inngangen til rettslokalet stod menneske som ville vise støtte til politikaren, melder Hufvudstadsbladet.

Ho vart attvald til det finske parlamentet tidlegare i år.

Tre tiltalepunkt

Aktoratet meiner den tidlegare partileiaren for Kristdemokraterna skal verte idømt 120 dagsbøter for tre tilfelle av hets mot folkegruppe.

Det dreiar seg om ei Twitter-melding, utsegner i eit radioprogram og ein pamflett som ho gav ut i 2004.

Forventar frifinning

I fjor vart Räsänen frikjend på alle punkt i tingretten, men aktoratet påklaga avgjerda.

– Eg stolar på at tingrettens dom frå i fjor skal halde også no, og eg håper at lagmannsretten også stiller seg bak grunnlaget og ytringsfridomen, sa ho til den finske statskringkastaren YLE på veg inn i rettssalen.

Dagen har følgd saka heilt sidan Räsänen kom under politietterforsking i 2019 og har også hatt fleire intervju med henne.

Høyr Dagens podkastintervju med Päivi Räsänen frå 2021 her (på engelsk).

– Også ein syndar

Den kristne nettsida cne.news følgjer rettssaka time for time i ein liveblogg.

I ein pause sa ho til pressefolk at forståing av synd hadde vore eit sentralt tema dei første timane av dagens høyring.

– Også eg er ein syndar. Å vere syndig betyr ikkje at ein har mindre verdi. Dersom det var slik, ville heile konseptet nåde verte feia til side, sa Räsänen.

Ho har heile vegen avvist at ho har krenkt homofile. I staden meiner ho det handlar om å forkynne synd og nåde i samsvar med Bibelen.

– Guds kjærleiksbod kan ikkje verte forbodne i Finland, seier ho ifølgje Hufvudstadsbladet.

«Forakt, intoleranse og til og med hat»

Aktor Anu Mantila fastheld at ho meiner Räsänen har krenkt homofile som gruppe.

– Pamfletten er som heilskap negativ mot homoseksuelle, sa Mantila i retten.

Pamfletten med tittelen «Til mann og kvinne skapte han dei» kom ut i 2004. (Engelsk utgåve er tilgjengeleg her.)

Mantila meiner Räsänen forårsakar «intoleranse, forakt og til og med hat mot homoseksuelle».

– Det fornærmande i utsegnene vert forsterka av at dei rettar seg mot seksuell identitet, kjernen i å vere menneske.

Avviser at det dreiar seg om trusfridom

Aktor avviste ifølgje Hufvudstadsbladet synleg irritert påstandar om at dette handlar om trusfridom.

– Det er ikkje forbode å sitere Bibelen i Finland, seier Mantila.

Ho meinte det ikkje er sjølve bibelverset, men fortolkinga til Räsänen som er kriminell.

– Grunnlause skuldingar

Den internasjonale kristne juristorganisasjonen ADF International har støtta Räsänen gjennom rettsprosessen.

– I eit demokratisk samfunn bør alle vere frie til å dele sine trusoppfatningar uten frykt for statleg rettsforfølging, seier leiar Paul Coleman i ei pressemelding.

Han fryktar at lover mot «hatprat» vil hindre viktige offentlege debattar. Coleman påpeikar at slike lover vert stadig meir vanlege rundt i verda.

– Vi håper at ankedomstolen i Helsinki vil fasthalde den fundamentale retten til ytringsfridom og frikjenne Päivi Räsänen for alle desse grunnlause skuldingane, seier han.

Powered by Labrador CMS