LES SAMAN: Sofie Marhaug og Mímir Kristjánsson hadde som mål å lese heilie Bibelen saman i 2024.
Foto: Sindre Deschington
Raudt-paret skulle lesa heile Bibelen på under eitt år. Slik gjekk det
– Jo meir eg lærer om kristendommen, jo meir sympatisk innstilt blir eg.
«Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Messias, Herren. Og dette skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe», les Raudt-nestleiar Sofie Marhaug.
For henne blir det aldri jul utan Lukas 2:1-20. For sambuar og Raudt-kollega, Mímir Kristjánsson, var det alltid uaktuelt å blande Gud inn i julefeiringa.
I dag, derimot, sit han og lyttar til sambuaren som les juleevangeliet.