KYRKJA: Dei peikar på at det er ein stigande «tendens til at man ikke tar utgangspunkt i trosbekjennelse og misjonsbefaling, men snarere søker å definere den lutherske kirke i Norge som en kristen kulturarv, altså på linje med Bryggen i Bergen, hardingfele, bunad og 17. mai», skriv Johannes Kleppa. På biletet ser vi Frank Aarebrot.

Reformasjonens historiske konsekvensar

Dette er ei imponerande bok. Det er ei bok til oversikt, innsikt og lærdom. Det er ei bok som må vera eineståande i sitt slag.

Publisert Sist oppdatert

Anmeldt:

Frank Aarebrot & Kjetil Evjen:

Reformasjonen:

Den store fortellingen

Vigmostad Bjørke, 2017

Innbundet, 381 sider

Det er ei bok som er ein kombinasjon av kyrkjehistorie og politisk historie. Det er ei bok som viser samanhengen mellom kristendom og samfunn. Alt dette skjer med bakgrunn i reformasjonen, og boka viser med det kva konsekvensar reformasjonen fekk for folk og nasjonar frå 1500-talet og fram til vår tid. Boka ber med rett undertittelen «Den store historien».

Evjen aktiv

Boka har to forfattar som er felles om heile framstillinga. Den mest kjende er Frank Aarebrot, som døde før boka kom på marknaden. Den mindre kjende er Kjetil Evjen, som eg trur må ha hatt ei nokså sterk hand med i framstillinga. Rett nok hadde Aarebrot ei kolossal politisk og historisk oversikt, men detaljnivået her er så stort og presis at eg trur Evjen må ha vore nokså aktiv.

Presis

Dette er ikkje ei teologisk orientert bok som gjev grundig innføring i det dogmehistorisk og læremessige knytt til reformasjonen, men i den grad boka tek opp slike spørsmål, er framstillinga imponerande saksvarande og presis. Hovudpoenget her er likevel kva politiske og samfunnsmessige konsekvensar reformasjonen fekk, og då med tanke på kor lutherdommen, kalvinismen, katolisismen og den anglikanske kyrkja fekk gjennomslag ut frå sine særtrekk, og kva det hadde å seia for land og folk. Dette vert fylgt opp gjennom historia ved gjennomgang av pietismen, misjonsrørsla og dei ulike kyrkjesamfunna og åndsretningane som etter kvart vaks fram. Alt er veldig presis, og det gjev ei god politisk og konfesjonell oversikt. Det viser også korleis tru og politikk ofte grip inn i kvarandre, særleg fordi fyrstar og kongar er truande menneske.

Religion og demokrati

Det meste av framstillinga går forståeleg nok på Vesten, med ekstra vekt på Norden, men ved at kolonisering og misjon er inkludert, får vi også eit globalt utblikk, særleg til USA. I tillegg vert det heile relatert til den ideologiske utviklinga ved den franske revolusjonen, filosofiske straumdrag og naturvitskapen.

Eit interessant moment er korleis religion og språk var viktig for utviklinga av demokratiet og nasjonalstatane. For utviklinga i landet vårt vert det framheva kor viktig misjonsforeiningane og kvinnene sitt misjonsengasjement var. Det einaste eg finn dårleg framstilt, er evolusjonslæra og denne sitt forhold til kristen tru. Dette er prega av «det politisk korrekte», til forskjell frå den sjølvstendige framstillinga elles.

Utviklinga 
 i Den norske kyrkja

Forfattarane har mot slutten nokre treffande synspunkt med tanke på utviklinga i Den norske kyrkja og formuleringane vi no har fått i Grunnlova om kristendommens plass i samfunnet. Dei peikar på at det er ein stigande «tendens til at man ikke tar utgangspunkt i trosbekjennelse og misjonsbefaling, men snarere søker å definere den lutherske kirke i Norge som en kristen kulturarv, altså på linje med Bryggen i Bergen, hardingfele, bunad og 17. mai».

Forfattarane finn det «unektelig litt pussig når kristenfolket definerer seg selv om et historisk monument snare enn en levende tro». Dei føyer til at «man kan undres over om den moderne norske kirke egentlig har behov for teologer og misjonærer, men snarere trenger sosionomer, kommunikasjonsrådgivere og u-hjelpsagronomer». Slike refleksjonar kan ein få når fagfolk set saker og ting i perspektiv ut frå sin historiske eigenart.

Lettlest 
 og tilgjengeleg

Dette er ei stor bok og ei brei framstilling, men ho er lettlest og lett tilgjengeleg. Av ein eller annan grunn er boka utan noter, og ho har berre ei kort litteraturliste, men derimot har ho mange gode bilete. Ved første augnekast kan boka verka som ein tung murstein, men ingen bør la seg skræma av det – ta og les!

Powered by Labrador CMS