FLAGG: Israels flagg var synleg blant dei som markerte krystallnatta i Stavanger.
Henrik Foss
Rekordoppmøte: Politiet på vakt då krystallnatta vart markert i Stavanger
For første gong var politiet til stades då organisasjonen Med Israel for fred arrangerte krystallnatt-markering i Stavanger.
Arrangøren anslår at om lag 300 menneske møtte på markeringa på Torget i Stavanger torsdag kveld.
– Oppmøtet er dobla samanlikna med tidlegare år, seier nestleiar Bjarne Bjelland i Stavanger-foreininga til organisasjonen Med Israel for fred (MIFF).
Uniformert og sivilt politi