Fornøgd: Sigbjørn Sødal, rektor ved NLA Høgskolen, er fornøgd etter NOKUT gav kvalitetssystemet til høgskulen godkjenning.

Rektor fornøgd etter kristen høgskole passerte nålauge

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har i lang tid gått NLA Høgskolen etter i saumane.

Publisert Sist oppdatert

Det statlege kontrollorganet har dei siste åra hatt to saker pågåande mot den kristne institusjonen. No er éi av sakene ute av verda.

– Det er veldig gledeleg, seier rektor, Sigbjørn Sødal.

– Fornya sertifikatet

NOKUT har lenge sett på korleis NLA jobbar for å sikre høg nok kvalitet.

Høgskulen har tidlegare fått instruks om å forbetre enkelte punkt. Desse har dei no fått beskjed om at er godkjent. Det betyr at saka er avslutta.

Sødal er fornøgd og kallar det «ei fornying av sertifikatet».

– Vi har hatt god dialog med NOKUT. Dei gav oss ganske gode karakterar i utgangspunktet, og to punkt vi måtte forbetre gjennom enkle tiltak som no er godkjent. Vi har også fått nokre gode råd for vegen vidare, seier han.

Rektor: Sigbjørn Sødal er rektor på NLA, som dei siste åra har hatt to saker med NOKUT.

Rektoren meiner rutinekontrollar som sikrar eit høgt nivå på utdanningsinstitusjonane er ein bra ting.

– Vi måtte ta tak i dei punkta vi fekk pålegg om, samtidig formidlar slike kontrollar kvalitet og forbetrar studia. Dette er noko alle utdanningsinstitusjonar må gjennom frå tid til annan, og no er det nokre år til neste gong, seier han.

Godkjenning av NLA

NLA har framleis éi sak igjen før høgskulen er heilt ute av søkelyset til kontrollorganet.

Spørsmålet om kor vidt den kristne skulen sitt konservative syn på samlivsetikk hindra fri forsking vart mykje debattert i media for nokre år sidan.

Etter det NOKUT beskreiv som mistanke om mangel på «akademisk frihet» og «forhold avdekket gjennom mediene», oppretta dei ei sak for å revurdere godkjenninga av NLA som høgskule.

I fjor kom eit utval fram til at NLA ikkje hadde tilfredsstillande akademisk fridom, noko som skapte meir debatt.

Den tidlegare stortingsrepresentanten Hans Fredrik Grøvan (KrF) kalla rapporten «graverende», rektor Sødal sa den var «urimelig» og advokaten til NLA, Helga Aune, skulda utvalet for «myndighetsmisbruk» og vurderte søksmål.

Seinare gjekk NOKUT imot sitt eige utval, og slo fast at NLA har forskingsfridom.

– Dette var det viktigaste å få avklart for oss, seier rektor.

Det einaste som står igjen før den siste saka er ute av verda, er produsere meir forsking og styrke forskingsmiljøet. Det trur ikkje Sødal skal vere eit problem.

Powered by Labrador CMS