VAKSENKONTAKT: Ariane Thinnæs er vaksenkontakt i skulelaget ved Lundehaugen ungdomsskule (t.v.) i Sandnes
Privat/Google maps
Rektor stenger dørene for vaksne andaktshaldarar. Lagsforeldre reagerer sterkt
– Mistru og forbod er ikkje vegen å gå, meiner vaksenkontakt Ariane Thingnæs, som sjølv blei kristen gjennom skulelaget.
Ukjende vaksne som plutseleg dukkar opp på skulen.
Snacks som kan lokka elevar inn på møter.
I september tok leiinga ved Lundehaugen Ungdomsskule i Sandnes grep og innførte vaksenforbod på elevinitierte aktivitetar i skuletida.