Religion kan ha større effekt på helsa enn forskarar har trudd

Studiar har tidlegare vist at religiøse menneske har betre helse både fysisk og mentalt: Dei lever lenger og føler større meining med livet. No hevdar danske forskarar at effekten av religion kan vere endå større.

Publisert Sist oppdatert

I samfunn som er lite religiøse, som det danske og det norske, ser religiøse menneske nemleg ut til å vere meir sjuke. Årsaka er at folk først vender seg aktivt mot religionen når dei får problem, skriv Forskning.no.

«Krisereligiøse»

Store registerstudiar av religionen si betydning for folk si helse vil ta med ein del av desse «krisereligiøse». Det skriv forskarar frå Syddansk Universitets Institut for Sundhedstjenesteforskning i Journal of Religion and Health.

– Denne artikkelen bryt ny grunn og set tidlegare forsking i perspektiv. Det er første gong vi publiserer eit negativt resultat i samband med religion, seier Niels Christian Hvidt.

– Det kan innebere at vi må omtolke resultat frå tidlegare studiar av religion si betydning for helse. Det er første gong vi har sett på ei gruppe som er så lite religiøs, og i nettopp denne gruppa heng alle mål på religion saman med dårleg helse, seier Hvidt, som er førsteamanuensis for Forskningsenheten for Allmenn Praksis ved Syddansk Universitet.

Større positiv effekt

Dersom forskarane kunne reinse alle studiar for sjuke nykommarar til religionen, ville dei sannsynlegvis sjå endå større positive effektar av å leve eit religiøst liv der tru er eit indre mål i livet og i mindre grad blir brukt til handtering av kriser, meiner Hvidt.

– Tidlegare studiar har dekka over to krefter som trekker i kvar si retning: Dei som har vakse opp med religion og den levemåten som følgjer med – og dei som byrjar å praktisere ei tru på grunn av sjukdommar eller lidingar.

– Det seier seg sjølv at den positive effekten ville bli vesentleg større viss vi fjernar sjuke nykommarar til religionen. Det har ingen fått formidla ut før, seier Hvidt.

Tvillingar mindre religiøse

Studien byggjer på spørjeskjemasvar frå 3.000 tvillingar, nokre einegga og andre toegga.

Alle bur i Danmark, som er eitt av dei minst religiøse landa i verda. Studien indikerer at tvillingar faktisk er endå mindre religiøse enn folk flest.

Når nokre av tvillingane likevel nærmar seg religion, er det ifølgje dei skriftlege svara på grunn av livskriser, depresjon, kroniske lidingar eller livstrugande sjukdommar. Det har skjedd for kvar tredje person i studien.

Powered by Labrador CMS