Den ukrainske presten fader Mykhajlo Horyslavets leder den ukrainsk-ortodokse menigheten Jaroslav den Vise i Trondheim.
Bjørn Olav Hammerstad
«Religionskrig» på norsk jord
Fleire ukrainske flyktningar skal ha blitt oppsøkt av folk med russisk tilknyting kort tid etter dei kom til Noreg. – Dei prøver å undergrave legitimiteten vår og trugar det norske samfunnet, meiner medlemmer av Den ukrainsk-ortodokse kyrkja.
– Her i Trondheim har vi hatt eit problem med at folk i Den russisk-ortodokse kyrkja og i det russiske miljøet prøver å trekke til seg ukrainarar for å fortelje sin versjon av krigshistoria. Dei undergrev legitimiteten vår, seier kontaktperson og styremedlem Jørgen Bosoni i det ukrainsk-ortodokse kyrkjesamfunnet i Trøndelag til Nynorsk pressekontor.
Bosoni var ein av grunnleggjarane av trussamfunnet i Trondheim i 2023.
Sårbare ukrainarar vart kontakta