Ropstad: Fritt fram for pengestøtte til kristne fritidstilbod
Barne- og familieministeren frå KrF avviser at kristne organisasjonar ikkje kan få støtte frå direktoratet dersom dei driv med forkynning.
Tidlegare denne veka skreiv Dagen om Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som ville starte dataklubb for ungdomar i Stavanger kommune.
Dei søkte om stønad gjennom Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, men då saka skulle opp i oppvekst- og utdanningsutvalet i kommunen, meinte fleirtalet at klubben var for forkynnande til å få pengar.
Få som får stønad
Tal frå direktoratet viser at det er avgrensa kor mange som får tildelt stønaden gjennom direktoratet sin stønadsordning for barne- og ungdomstiltak i dei større byane. Av dei 72 som fekk tilskot i 2019, var det seks kristne prosjekt frå KFUK-KFUM, Kirkens Bymisjon og Blå kors. I 2018 var tre av 65 mottakarar kristne.
På direktoratet sine heimesider står det at ordninga særleg vektlegg om aktiviteten er for barn og unge med innvandrarbakgrunn, styrkjer samarbeidet mellom kommunen og frivillig sektor og det totale tilskotet til kommunen gjennom ordninga.
Ikkje i strid
Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) skriv i ein e-post til Dagen at han ikkje kan kommentere saka i Stavanger, fordi departementet er klageinstans.
Han skriv vidare at det ikkje er noko i vegen for at forkynnande organisasjonar kan bruke ordninga, slik fleirtalet i oppvekst- og utdanningsutvalet i Stavanger hevda.
- Direktoratet har ikkje avslått søknader på grunnlag av at dei kjem frå religiøse eller forkynnande organisasjonar. Dette strider ikkje med ordninga sitt regelverk, så lenge tiltaket er ope for alle, uavhengig av kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn, skriv Ropstad, og held fram:
- Mange kristne organisasjonar, som Kirkens Bymisjon, Frelsesarmeen og Blå Kors har fått støtte gjennom ordninga. Det er ingenting som utelukkar at kristne organisasjonar kan få støtte.
Åtvarar om berøringsangst
Statsråden åtvarar likevel mot det han kallar ei berøringsangst i kommune-Noreg for kristen aktivitet.
- Dersom gode tiltak ikkje prioriterast av kommunane fordi dei er opne om sine kristne verdiar, synes eg dette er bekymringsfullt. Det viser ei berøringsangst overfor religion.
– Eg ønskjer eit livssynsope samfunn med eit mangfald av tilbod til barn og unge. Det er også historielaust. Store deler av velferdstilboda vi har i dag starta i kristen regi. Anten det er undervisning, helse- og omsorgstenester eller rusomsorg, skriv Ropstad.
Livsynsopen arena
Ein av dei som fekk stønad i 2019 var KFUK-KFUM-prosjekta Forandringshuset i Haugesund og Drammen. Det er eit lågterskeltilbod for barn og ungdom som tilbyr aktivitetar innan fritidsaktivitetar, sosialt arbeid og entreprenørskap.
– Alle barn og unge skal ha moglegheit til å leve som heile menneske. Ein sentral del av det er å ha eit fellesskap og kontakt med personar på sin eigen alder. Det er eit opplegg som passar bra med støtteordninga sine mål, seier nasjonal leder Øivind Mehl Landmark, i KFUK-KFUM Forandringshuset.
Landmark seier at Forandringshuset er eit «livssynsopent» tilbod, og at dei ikkje driv med noko forkynning. Han meiner at andre forkynnande organisasjonar kunne gjort ein like god jobb som KFUK-KFUM.
– Eg meiner prinsipielt at religiøse organisasjonar ikkje skal diskriminerast opp mot livssynsnøytrale, men vi må likevel sørgje for at dei ulike møteplassane skal vere inkluderande.
– Har de fått beskjed om at de ikkje kan drive forkynning?
– Vi har ikkje høyrt at vi ikkje kan gjere det, men i vårt arbeid ønskjer vi eit mangfald. Vi viser våre verdiar og formål i praksis, og meiner at det står seg godt åleine. Eg trur heilt fint at ei forsamling eller kyrkje kunne løyst dette like godt, meiner Landmark.
Driv ikkje med forkynning.
I 2018 løyvde direktoratet 500.000 kroner til Blå Kors Kristiansand til å drive ein skate- og aktivitetspark med sosial profil.
– Eg går ut i frå at det var fordi vi hadde ein god søknad og at vi passa inn i kriteria, seier leiar Andreas Widerøe i Vision Aktivitetspark, og held fram:
– Vi har brukarar frå barneskulen opp til vaksen alder. Vi har skating, rulleskøyter, bordtennis og parkourhall. I tillegg driv vi ein kafé. Vi har gjort eit godt arbeid over fleire år og blir lagt merke til på grunn av kvaliteten i arbeidet vi gjer.
– Skreiv de noko om forkynnande arbeid i søknaden dykkar?
– Nei, det driver vi ikkje med. Det gjer kyrkjer og forsamlingar. Vi er ein organisasjon bygd på kristne verdiar, men vi er ikkje ei forsamling. Alle er velkomne til oss uansett tru, etnisitet eller legning, seier Widerøe.