OPPSLUTNAD: Donald Trump gjer det betre enn Kamala Harris mellom amerikanske pastorar. Biletet er frå ei kyrkje i Detroit.

Så stor del av amerikanske pastorar vil røyste på Trump

Nesten alle pastorar i USA vil røyste i presidentvalet, men ein firedel nølar med å seie kven dei vil støtte.

Publisert Sist oppdatert

Ei spørjeundersøking utført av LifeWay Research viser at 97 prosent av amerikanske pastorar vil bruke røysteretten.

Donald Trump får lovnad om støtte frå 50 prosent. Til samanlikning er det 24 prosent som seier at dei vil røyste på Kamala Harris.

Haldninga mellom pastorar er nesten samanfallande med tala frå 2020. Då sa 53 prosent at dei ville røyste på Trump og 22 prosent at dei ville røyste på Joe Biden, medan 22 prosent ikkje hadde bestemt seg.

Meir forsiktige pastorar

Heile 23 prosent av pastorane vil ikkje oppgi kven dei vil røyste på. Dette er ein sterk auke frå 2016 og 2020. Då var det høvesvis tre og fire prosent som reserverte seg mot dette.

Pastorane er meir nølande enn kyrkjemedlemer flest med å stille seg bak ein av kandidatane. 61 prosent av amerikanske protestantar hallar imot å røyste på Trump, medan 37 prosent stiller seg bak Harris, ifølgje ei undersøking frå Pew Research Center.

– Vi spør pastorar om mange ting som føregår i kulturen i dag, og dei er villige til å seie kva dei meiner. Likevel er det eit aukande tal pastorar som ikkje er villige til å svare på korleis dei røystar. Det viser kor sensitivt eller splittande politikk er blitt i ein del kyrkjer, seier direktør Scott McConnell i LifeWay Research.

Ikkje berre éi sak

Dette forskingsinstituttet er tilknytt Sørstatsbaptistane, det største protestantiske kyrkjesamfunnet i USA.

– I ein kultur som i aukande grad ikkje vil tolerere menneske med andre politiske synspunkt, leier pastorar kyrkjer som strebar etter einskap basert på trua si, legg han til.

Pastorane legg ikkje berre vekt på éi sak når dei skal avgjere kven dei skal røyste på.

Fire av fem legg stor vekt på nasjonal tryggleik, trusfridom, utanrikspolitikk, økonomisk vekst, innvandring, abort og personleg karakter.

Powered by Labrador CMS