Saknar fleire menn i barnehagen
Styrar i Tryggheim barnehage i Brattvåg, Britt Skarsbø, trur at det har mykje å seie for barna at dei har ein mannleg tilsett.
– Ungane skal ha kontakt med begge kjønn. Og det er også ungar som ikkje har ein far heime. Det å ha ein mannleg rollefigur er viktig, og vi synest at Jarle fyller den rolla svært godt, seier Skarsbø til DagenMagazinet.
Jarle, med etternamnet Ekroll, har arbeidd i barnehagen i fleire år no, og det er han som er primus motor for friluftsgruppa Friskus.
– Det er ikkje alltid lett for ein mann å jobbe i eit kvinnedominert yrke. Men eg har i alle fall tenkt at han skal få jobbe med ting han likar, og Jarle er ein friluftsmann, seier Skarsbø.
– Det er greit å jobbe saman med 15 damer, men eg kunne tenkt meg, for miljøet og for ungane sin del, at det var fleire mannfolk her i barnehagen, seier Ekroll.
Han har ikkje problem med å «overleve» kvinnedominansen, i alle fall ikkje så lenge han får jobbe med friluftsaktivitetar som han sjølv er glad i.
– Eg har arbeidd med ungar heile livet, på bedehuset og på leirar. Men desse blir mindre, og i starten var det ein stor overgang å kvar dag ha å gjere med små ungar. Mine eigne er for lengst ferdig med den perioden, seier han.
Skarsbø synest det er flott å ha eit breidt friluftstilbod til dei eldste barna. Då har dei noko å gle seg til.
– I utegruppa får dei mange naturopplevingar. Dei blir vane med å vere ute i all slags ver, og dei blir tøffare.
Styraren peikar til slutt på at Tryggheim er ein kristen barnehage.
– Vi har kristne samlingar og byggjer på kristne verdiar. Og det set dei aller fleste foreldre pris på, sjølv om dei ikkje kallar seg kristne sjølv, seier ho.
DM