Salmebok kan slå alle prisrekordar
I dag skal USAs eldste bok ut på auksjon. Eksemplaret av Bay Psalm Book er venta å bli verdas dyraste på den opne markaden.
Naturleg nok var dei puritanske leiarane i den nyetablerte Massachusetts Bay Colony stolte i 1640. Då kunne dei nemleg presentere si eiga omsetjing av dei 150 salmane i Det gamle testamentet, trykt i Den nye verda.
Ambisjonen var at kolonien skulle vere eit kraftsenter for kultur og utdanning, på bibelsk grunn. Men pionerane venta neppe at eit eksemplar av boka, som vart seld for 20 pence, drygt 370 år seinare skulle ha ein forventa pris på mellom 15 og 30 millionar dollar.
Aldri har eit eksemplar av ei bok gått til ein så høg pris, men det kan skje hos auksjonshuset Sotheby´s i New York tirsdag 26. november.
Song bibelsalmar
Opplaget på 1.700 var i 1640 rekna som lovleg optimistisk, sidan det berre budde 3.500 familiar i kolonien. Men boka var ein stor suksess. Etter kvart vart ho mest kjend for å vere sjeldan, melder Religious News Service.
Truleg vart dei fleste eksemplara utslitne, medan nokre overlevde som relikviar frå ei svunnen tid. Etter kvart vart det nemleg vanleg å synge hymner og ikkje berre bibelske salmar. Bibelsk salmesong hadde nemleg vore idealet i tradisjonen etter reformatoren Jean Calvin (1509-54), som puritanarane tilhøyrde.
Sjeldan skatt
I løpet av 1800-talet fanst det berre elleve eksemplar att av salmeboka. Då innsåg amerikanske boksamlarar at dei nesten hadde mista grunndokumentet sitt.
Salmeboka er nemleg det same for boksamlarar i USA som Gutenberg-bibelen er for boksamlarar på verdsbasis. Denne bibelutgåva kom på 1450-talet og var det første som vart trykt med lause typar. Ho starta med det den moderne publiseringsrevolusjonen. Men av denne bibelen finst det «heile» 48 eksemplar.
Liberal utvikling
Dei fleste av dei elleve eksemplara av den amerikanske samleboka er i dag eigd av institusjonar, som neppe nokon gong vil selje dei. Eit viktig unntak ehar vore Old South Church i Boston, som har eigd to eksemplar. Kunne dei kanskje selje ein? Nei. Fram til i år har betalingsvillige kjøparar vorte sende tomhendte heim.
Som så mange andre gamle kyrkjelydar i New England har denne gått i liberal retning, bort frå arven om å sjå Bibelen som ein ufeilbarleg rettleiar ikkje berre til frelse, men også til politisk styring. Verksemda er i dag retta mot fattige og marginaliserte. Då Nancy Taylor vart innsett som første kvinnelege pastor i 2005, uttrykte ho uro for korleis kyrkjelyden skulle greie å oppretthalde dei rundt 30 programma sine for hjelpetrengande. Etter til dels bitter debatt avgjorde kyrkjelyden å selje det dårlegaste eksemplaret av salmeboka.
Kristne interessentar
Dei siste månadene har boka vore på turné til åtte amerikanske storbyar, med eigen tryggleiksvakt om bord i flyet. Håpet har vore at fleire potensielle kjøparar skal ha fanga interesse. Det er mange personar med sterk religiøs overtyding på magasinet Forbes´ lister over dei 400 rikaste i USA, påpeikar David Redden ved Sothebys overfor Religious News Service.
Ein mogeleg kandidat er Green-familien som eig Hobby Lobby-kjeden. Desse er for tida i vinden fordi dei kjempar mot Obamas helsereform i rettsvesenet. Men dei har også gjort seg kjende for å samle sjeldne gjenstandar frå kristen historie og er i ferd med å byggje eit bibelmuseum som skal opne utanfor Washington D. C. i 2017.