Samanliknar Trump med bibelsk konge
Fleire kjende kristne i USA meiner Gud har utvalt Donald Trump - slik han utvalde heidenske kongar i Det gamle testamente.
Demokratiet er bygd på at prinsippet om at kvar myndig person har éi røyst. Men nokre av støttespelarane til Donald Trump er overtydde om at det ikkje er heile forklaringa på at han no har flytta inn i Det kvite hus.
– Gud reiste opp - trur eg - Donald Trump, sa den kristne tidlegare kongresskvinna Michele Bachmann etter at Trump vann den republikanske nominasjonen.
I 2012 prøvde ho sjølv å bli presidentkandidat.
– Gud møtte opp, sa evangelisten Franklin Graham på eit folkemøte etter valet.
Graham skulle vere ein av forbedarane under innsetjingsseremonien i går. Denne fann stad etter at Dagen gjekk i trykken i går.
Guds kontroll
Ein del ser triumfen til Trump som eit mirakel, ikkje minst fordi han slo ut 16 andre i primærvalkampen. Fleire av konkurrentane var evangeliske kristne med lang politisk erfaring.
– For meg må det vere ei leiing. Det må vere Guds hand, seier Paula White, ein tv-predikant som også var invitert til å be under innsetjingsseremonien.
Den populære talaren og bloggaren Ken Ham, som har grunnlagt Creation Museum i Kentucky, skreiv under valkampen at han tvilar på at Trump veit kva sann kristendom er. Likevel tvilar Ham ikkje på at Gud gav presidentembetet til Trump.
– Gud har fullstendig kontroll. Han gjer det heilt klart i Bibelen der han seier at han reiser opp kongar og øydelegg kongedøme, seier Ham.
LES: Evangelisk rekordoppslutning om Trump
Som fleire andre kristne viser han til kong Kyros i Jesajaboka, som Gud utvalde som ein reiskap trass i at han var ein heidning.
Kristen støtte
Religion News Service har utan hell spurt galluppbyrå om det finst statistikk som viser kor mange som ser Guds hand i Trumps valsiger. Men nyheitsbyrået meiner det verkar til at konservative kristne er mest tilbøelege til å omfamne det.
Det er i alle fall ingen tvil om at kristne medverka til at Trump er blitt president. Eit fleirtal av evangeliske kristne, katolikkar og mormonarar som røysta under valet i november, støtta republikanaren, ifølgje valdagsmålingar. Heile 81 prosent av kvite evangeliske kristne som nytta røysteretten, støtta Trump.
Inngrep ovanfrå
Ein av dei som trur at Gud «høyrde bønene til folket sitt» og plukka ut Trump, er svigermora til den kjende kristne artisten Michael W. Smith. Anne Severance (80) meiner Gud set folk inn i embete og tek dei ut.
– Vi har denne fantastiske sjansen til å halde fram med å leve ut det kristne livet slik vi alltid har levd det, men med det ekstra ansvaret Gud har lagt på oss no om å elske og trekkje alle saman i fred og harmoni, til å modellere han og hans karaktertrekk framfor verda som ser på. Og tru meg, dei ser på, seier Severance.
LES OGSÅ: Jubler for Trump som president
Ingen frelsar
Den Jesus-truande jøden Michael Brown, som er radiovert og forfattar, var i utgangspunktet ikkje sikker på at Trump hadde den personlege karakteren eller ideologiske overtydingane som ein president burde ha. Etter kvart endra han meining.
– Oddsa mot at han skulle bli president var så overveldande at den einaste måten han kunne greie det på, var ved guddommeleg inngrep, seier Brown.
Mange kristne ser at Trump, som tidlegare reality-tv-stjerne og milliardær i sitt tredje ekteskap, ikkje er nokon typisk representant for fleire ideal dei held høgt. Men dei håper at den nye presidenten skal utnemne konservative høgsterettsdommarar og dermed reversere høgsterettsavgjerda frå 1973 som slår fast at abort er ein grunnlovsfesta rett.
– Vi forventar ikkje at Donald Trump skal vere ein frelsar, seier Brown.
– Vi forstår at dersom han er ein kristen, er han ein ny kristen.
Men Brown trur Trump kan sikre trusfridomen, omgi seg med gode medarbeidarar og vere venleg innstilt til konservative kristne. Radioverten understrekar at det ikkje er opp til Trump å gjenopprette bibelske verdiar i amerikansk kultur. Det meiner han kyrkjene har ansvaret for.
Sjølvkritisk
Somme teologar åtvarar likevel mot å tenkje at Gud detaljstyrer det som i verda, mellom anna utfall i politiske val.
– Det betyr at du synest det er ok og Guds vilje at millionar av menneske svelt i hjel på grunn av våre handlingar, seier professor William Schweiker ved University of Chicago Divinity School. Han er også ordinert metodistprest.
Ved teologisk konservative Wheaton College meiner førsteamanuensis Vincent Bacote det er viktig å vere sjølvkritisk når ein vurderer Guds rolle i det som skjer.
– I utgangspunktet er dette forbunde med trua på at Gud bryr seg om livet vårt, som er noko flott, seier Bacote.
LES OGSÅ: – Trump er født på ny
Men han synest ein skal vere forsiktig med å lese eigne sympatiar inn i korleis Gud grip inn i for eksempel politiske val. Bacote minner om at USA ikkje er nemnt i Bibelen. Han finn det vanskeleg å setje grenser for kva politiske resultat Gud grip inn i.
– Var Gud involvert i guvernørvalkampar? I borgarmeistervalkampar?
Feilslått håp
Andre kristne leiarar er meir opptekne av kva valkampen har gjort med kristne, uavhengig av utfallet.
Forfattaren og teologen Ed Stetzer, som leier Billy Graham Center for Evangelism ved Wheaton College, ser splitting mellom kristne og auka avstand til den allmenne kulturen.
«Same korleis du røysta, er det rett og slett opplagt at vi har sett ein negativ effekt på omdømet til evangeliske kristne», skriv Stetzer på bloggen han skriv for Christianity Today.
«Om 20 år frå no kjem vi til å sjå tilbake på dette som det siste valet som eit siste forsøk ein del evangeliske kristne trudde dei hadde til å vinne tilbake påverknaden og kulturen sin», skriv Stetzer.
Han meiner amerikansk kultur er inn i ein sekulariseringsprosess som ikkje noko valresultat kan snu. I staden oppfordrar han kristne til å vere trufaste mot Guds kall og dele Jesu kjærleik i ei fallen og lidande verd.