Samla 800 baptistar frå heile verda til fellesskap og bøn i Noreg: – Gud har ei meining med å plassere oss på så mange ulike stader
For første gong i historia held baptistane si storsamling i Noreg med deltakarar frå heile 82 land.
Noreg, Ukraina, Palestina, Libanon, Nigeria og India er alle blant landa som er representert på den årlege storsamlinga og misjonskonferansen til baptistane, dette året i Stavanger.
Her er ei verd i minitayr illustrert gjennom fargerike afrikanske drakter, stråhattar, hattar med fjører og cowboyhattar så vel som to norske sommarstemne-favorittar: rutete herreskjorter og romslege dameblusar.
Ein av deltakarane som har kome langvegsfrå er generalsekretær Bawitlung Zazwana Lai frå India. Han representerar Lairam Jesus Christ Baptist Church nordaust i landet.
– Det er herleg å vere på ei stor kristen tilstelning utan militær og politi til stades, seier den indiske pastoren.
Forfølging, kamp og triumf
I møtesalen tysdag morgon høyres ein eldfull tale etterfølgd av applaus og allsong med Amazing grace.
Å høyre 800 menneske frå heile verda synge saman slik, bare akkompagnert av eit lite piano er sterke saker, også for Dagens utsende.
– Verdskongressen er ei fengslande openberring av kristne som samlar seg om Jesus på tvers av folkegrupper, språk og nasjonar, kan generalsekretær Elijah Brown i Baptist World Alliance (WBA) stadfeste.
Sjølv er han frå Texas, men flytta til Washington DC då han blei verdsleiar for baptistane.
Dette er hans 18. storsamling. Dei siste fem åra har han vore med som leiar.
Ifølge Brown blir fellesskapa mellom nasjonane styrkast av å møtast slik.
– Vi høyrer historiar om forfølging, om kamp og om triumf. Her får vi be med og for kvarandre.
Tilbakegang i Vesten
Baptistane tel 51 millioner til saman i heile verda. Dei er representerte i 130 land og territorier med 175.000 kyrkjer, ifølge generalsekretæren.
30 prosent av alle baptistar lever med krig, forfølging og ekstrem svolt, ifølge trussamfunnet sin sårbarheitsrapport for 2022.
Men også i vår del av verda kjempar baptistar i motvind.
I USA har talet på baptistar gått tilbake med fem prosent dei siste åra. I Europa er tilbakegangen på to prosent.
Fossar framover i majoritetsverda
I resten av verda er det omvendt.
I Asia har det kome 26 prosent fleire baptistar til dei siste året. I Latin-Amerika har det kome 27 prosent fleire baptistar og i Afrika heile 102 prosent fleire.
– Til saman har baptistrørsla vakse med 29 prosent dei siste åra, opplyser Brown.
Denne kongressen lanserte han eit rykande ferskt globalt misjonsnettverk, beståande av misjonslag frå baptistsamfunn frå heile verda.
– Vi treng å bygge relasjon og styrke samarbeidet. Så er det nokon har mista lidenskapen for misjon. Den skal vi tenne igjen nå, seier Elijah Brown.
Får ikkje evangelisere lenger
I India hos pastor Bawitlung Zazwana må misjon skje under radaren til styresmaktene.
– Dersom vi vil evangelisere må vi gjøre det hemmeleg, gjennom å bygge venskap, dele måltid og tru, seier han.
Den hindunasjonalistiske regjeringa i heimlandet har gjort forholda vanskelig for kristne. Mange stader er det straffbart å konvertere, feire gudsteneste og å gå på sundagsskule.
Våren var prega av kyrkjebrannar, opptøyer og drap på kristne, ifølge den kristne organisasjonen CSV.
På toppen av det heile er ei ny grunnlovsendring på trappene.
Denne har som formål å samle det indiske folket under felles skikkar, men råkar religiøse og etniske minoritetar sin trusfridom hardt, ifølge pastoren.
Han er likevel ikkje redd.
– Viss vi møter motstand frå utsida bruker vi meir tid på å be. Det gir oss andeleg inspirasjon. Det gjer oss sterkare. Tankene blir fryktlause, seier han.
Zazwana gler seg over at årets storsamling inneheld meir bøn enn tidlegare.
– Kva tar du med deg heim til dine trussøsken i India etter denne storsamlinga?
– Gud har ei meining med baptistfolket. Vi er spreidd omrking på heile jorda, ikkje for at vi skal ha ein komfortabel plass å bu, men for å dele evangeliet med dei rundt oss. Det betyr at vi må evangelisere meir i framtida, ikkje mindre, uansett kva styresmaktene seier.