TORGMØTE: Irene Krokeide Alnes (til høgre) og Marit Stokken song på torgmøtet i Alta i fjor. Foto: Finnmark Indremisjon

Samlar finnmarkingar og søringar til stemne

Finnmark Indremisjon inviterer til sommarstemne. – Her skjer det lite om sumaren, og då er dette fint å få med seg, seier krinsleiarren.

Publisert Sist oppdatert

Indremisjonsforbundet sitt sommarstevne går av stabelen denne helga på Samfunnshuset i Vestre Jakobselv i Finnmark. Og det er Finnmark Indremisjon som står for tilskipinga.

Etter innkvarteringa, vil Bjarne Ydstebø frå Talje i Rogaland tale under opningsmøtet.

– Han har aldri vore i Finnmark før. Eg var på ein møterunde i Rogaland, då eg møtte han for første gongen. Og eg fann snart ut at han var rette mannen til å tale under landsmøtestemnet, seier Paul Tore Garvo, krinsleiar i Finnmark Indremisjon.

Stemnet vil gå parallelt med borna sitt landsstemne, noko indremisjonen byrja med for to år sidan.

Ein del fleire born er med enn tidlegare, så vertane lyt dele dei opp i grupper. Elles vil mange av dei tilreisande bu på campingplassen som ligg like ved.

Uformelt møte

– Nokre av deltakarane kjenner vi frå før av, men vi vert også kjente med nye folk kvart år. No driv vi jo camping her. Og det kjem ofte folk med bubilar, men som ikkje er påmelde. Det hender at dei blir med på stemnet, seier Garvo.

All matservering vil finne stad på campingplassen. Og her vil gjestene etter kvart trekkje til for ei uformell samling, med trekkspel, gitar, song og god stemning.

Nyttig å kome saman

– Vi har gjerne leigd inn artistar til songdelen tidlegare. Men i år gjer vi det med lokale folk. Litt av tanken bak er at vi ynskjer at folk fortset med musikk saman i etterkant av stemnet. Vi har ein del dyktige songarar og musikarar som vil ha nytte av å kome saman. Dei kan vere ein tilvekst til møteaktiviteten vår, seier Garvo.

Han trur folk opplever seg sedde, ut frå røynsler frå tidlegare stemne.

– Det sosiale fungerer godt, og folk kjem inn i fellesskapen på ein fin måte. Det ser vi basert på gode tilbakemeldingar, og at folk kjem igjen. Det er nok vanskeleg å forsvinne i mengda, sidan vi er så få, seier han.

Tema for stemnet er «Jesus kan!».

– Vi ville ha eit tema som femner breidt. Ved andre stemne kan det vere at vi har eit meir avgrensa eit. Same emne er også lagt inn som overskrift for borna.

I tillegg til vanlege møte, vert det eit torgmøte i Vadsø på laurdagen.

– Det er viktig å kome litt ut blant folk. Koret vårt stiller med song på torget, og Arne Arnesen, som er fiskar og forkynnar, skal halde ein appell der.

– Kva ser du mest fram til?

– Eg ser fram til felleskapen. Å møte lokale folk, samt folk som har kome langvegesfrå, er alltid kjekt. Her i Finnmark er det ikkje så mykje som skjer elles på sommaren, og då er dette flott å få med seg. Dei som kjem sørfrå, kjem gjerne igjen, og har i neste omgang med seg nye folk til stemnet.

Powered by Labrador CMS