GODE SAMTALAR: FriBU-arbeidarane Thea Frøystad, Håvard Haugland og Eli Taunton håpar at Input kan stimulere samtalen i kristne familiar.
Karl Almedal
Samtale på boks
Ny samtaleboks skal hjelpe familiar til å samtale om tru i heimen. Prosjektleiaren kallar den ei gåve til Kristen-Noreg.
Familien Kvavik frå Lyngdal har samla seg rundt bordet i forteltet utanfor campingvogna. Vi møter dei på Visjon, Frikyrkja sitt sommarstemne i Stavern i Vestfold. Borna kjem springande frå ulike aktivitetar, set seg ned i campingstolane og leitar fram den nye samtaleboksen «Input».
Foreldra Olav og Linda Kvavik fortel at boksen på kort tid har blitt ein viktig ressurs i heimen.
– Vi har vore gjennom det meste av barnebiblar og heile repertoaret til Jarle Waldemar. Det har vore veldig bra, men vi sakna ein ressurs som tek lengre tid å kome gjennom og som kan brukast på nytt og på nytt, seier Linda Kvavik.