FLUKT: – Pengespel har ei utruleg evne til å halde det vanskelege i livet på avstand. Ein flyktar frå ein situasjon, men gjer det samtidig meir og meir vanskeleg for seg sjølv, seier Trond Aspeland ved det nasjonale behandlingsopplegget for speleavhengige ved Sjukehuset Innlandet.

Samtalen som reddar gard og grunn

Enkeltpersonar tapar svimlande summar årleg utan å vite kor mykje dei eigentleg spelar. – Mange tør ikkje søke hjelp, fordi dei skammar seg, seier forskar.

Publisert Sist oppdatert

Sidan 2015 har Norsk Tipping ringt kundar som har tapt mykje pengar det siste året. Det starta dei med etter å ha fått besøk av ein tidlegare speleavhengig og behandlaren hans, skriv Forskning.no. Rådet frå den speleavhengige var tydeleg: Han skulle ønske at nokon hadde tatt kontakt for å tilby hjelp.

Eitt av dei første spørsmåla Norsk Tipping stiller storspelarane, er kor mykje dei sjølve trur dei har tapt. Dei fleste tek då kraftig feil og gjettar at dei har tapt mellom 30 og 60 prosent av det som er registrert av tap. Når dei deretter får spørsmål om dei vil sette av same beløp til å spele for i år som dei brukte i fjor, blir svaret nesten alltid nei.

Manglar kontroll

På oppdrag frå Norsk Tipping har forskar Jakob Jonsson ved Stockholms universitet studert kva verknad oppringingane frå tippeselskapet har hatt. Han har valt ut 3000 personar blant dei som har tapt aller mest på eitt år. Tapa ligg på 50.000 kroner og oppover.

– Vi finn enkelte som har råd til å tape rundt 100 000 på spel gjennom eit år, men det er ikkje så mange av dei. Dei fleste spelar nok for mykje meir enn dei har råd til. Enkelte øydelegg familieøkonomien med spelevanane sine, seier Jonsson til Forskning.no.

– I starten av samtalen seier dei aller fleste at spelinga ikkje er eit problem for dei. Men mot slutten er det få som seier at dette ikkje er eit problem. Nesten halvparten ber om at Norsk Tipping hjelper dei til å spele mindre, blant anna ved å sette ei grense for kor mykje dei kan spele for, fortel Jonsson til Forskning.no.

Spelforskaren er overraska over at ein kort telefonsamtale kan ha så stor effekt. For å sjekke om effekten varer, vil storspelarane få ein ny telefon tolv månader seinare.

Skamfullt

Når ein spelar via Norsk Tipping, blir alle transaksjonane registrerte på eit spelkort. Det er derfor enkelt for spelselskapet å følgje med på om enkelte spelar svært mykje eller får ei uheldig utvikling i spelevanane.

Dei som får ein slik telefon reduserer det teoretiske tapet med rundt 4700 kroner dei neste tre månadene. Fleire av dei oppringde seier at dei burde fått denne samtalen for lenge sidan.

– Mange ventar alt for lenge med å søke hjelp, eller gjer det aldri, på grunn av skuld og skam, seier professor Ståle Pallesen. Han er psykolog ved Universitetet i Bergen og har forska mykje på spelavhengige.

– Kvifor trur du at mange endrar vanane når Norsk Tipping ringer for å åtvare?

– Det opplevast nok meir alvorleg når til og med Norsk Tipping seier at du kanskje har eit problem, og det ikkje berre er familien som åtvarar, seier Pallesen.

Han trur samtidig dei som ringer frå Norsk Tipping har fått god opplæring i å snakke om problemet utan å vere for fordømmande. Då er lettare å få personen til å lytte.

Utanlandske mørketal

Sjølv om Norsk Tipping tek ansvar ved å kontakte storspelarane, er det likevel svært mange i faresona som aldri blir nådde.

– Problemet er at det finst så mange utanlandske spelselskap som ikkje gjer det same, forklarer Pallesen.

– Mykje tyder på at ein god del av dei som verkeleg slit, spelar gjennom desse selskapa. Nokre av dei ringer til storspelarane sine, men det er for å seie «Hei, no er det lenge sidan du har spelt hos oss. Vil du ha ein ekstra bonus?»

Psykologen får støtte frå Trond Aspeland som arbeider direkte med speleavhengige gjennom det nasjonale fjernbaserte behandlingsopplegget for speleavhengige i regi av Sjukehuset Innlandet.

– Det er dei utanlandske spelecasinoa som skaper speleproblema i Noreg, seier Aspeland.

Draumen i grus

I behandlinga av dei speleavhengige er det avgjerande at den det gjeld klarer å snakke ope og ærleg om erfaringane sine.

– Ein må ta på alvor at draumen om gevinst har falle i grus. Deretter må ein gjenkjenne handlingsmønsteret for å unngå tilbakefall, forklarer Aspeland.

Han meiner det er to hovudgrunnar til at folk blir avhengige av pengespel. Det eine er spenninga og underhaldninga, at ein brukar det som tidtrøyte eller blir dregen mot til dømes eit sosialt godt pokermiljø.

– Den andre årsaka er at ein held på med dette fordi ein i utgangspunktet har det vanskeleg på andre felt. Kanskje har ein blitt parkert i arbeids- eller familielivet. Pengespel har ei utruleg evne til å halde det vanskelege i livet på avstand. Ein flyktar frå ein situasjon, men gjer det samtidig meir og meir vanskeleg for seg sjølv.

Tala rullar

I arbeidet med speleavhengige har Trond Aspeland sett at det må meir enn ein telefonsamtale til for å skape varig endring. Det fjernbaserte behandlingsprogrammet han leier går over tre månader. I behandlinga står fagpersonar parat til å snakke med den speleavhengige som kanskje treng å lufte tankane etter å ha vore i kontakt med bankar, forliksråd og familievernkontor.

– Dei samtalane vi har, er svært viktige. Då drillar vi mellom anna folk i å få ei ny forståing av økonomiske realverdiar. For den mistar ein heilt når ein berre ser tala rulle forbi på ein skjerm. Paradokset er at i nettcasinoet blir ein heilt blanke for talforståinga, samtidig spring ein rundt i matbutikken på jakt etter dei billigaste First Price-varene.

Powered by Labrador CMS