Sarons dal har tapt over ti millionar kroner
– Vi er på etterskot, seier Glenn Tønnessen i Sarons Dal Arena.
Eigedomsselskapet til misjonsorganisasjonen Troens Bevis, Sarons Dal AS, har dei siste åra hatt blodraude tal.
No er heile eigenkapitalen på 10,1 millionar kroner tapt, ifølge årsrekneskapen for 2022.
Det får likevel ikkje Glenn Tønnessen, leiar av selskapets største eigedom, Sarons Dal Arena, til å bekymre seg.
Det melder avisa Vårt Land.
Underskot
– Vi er på etterskot. Vi har ikkje klart det endå. Det betyr at moderselskapet, Troens Bevis, må dekke for oss, erkjenner Tønnessen overfor avisa.
Han forklarar at eigenkapitalen har forsvunne etter fleire år med underskot.
Førre gong selskapet gjekk i pluss var i 2019.
Då hadde dei eit overskot på 72.000 kroner, sett mot drygt 6,5 millionar i minus året før.
Troens Bevis, som altså er moderselskapet, har difor bidratt med rundt 10,5 millionar for å kompensere for underskotet.
Er optimist
Trass i dei raude tala har Tønnesen tru på framtida.
Han forklarar til Vårt Land at ting ser lyst ut, sjølv om rekneskapen ikkje vitnar om det.
– Målet er å komme i balanse i Sarons Dal neste år, seier han til avisa.
960.000 av driftsresultatet for 2022 skal nemleg ha komme frå avskriving av bygg. Hadde ein vore forutan det, ville rekneskapen ha gått i pluss, forklarar han.
Han viser også til at selskapet hadde 1,7 millionar mindre i underskot i fjor, samanlikna med året før, noko som mellom anna skuldast ei auka inntekta på rundt 2 millionar kroner.
Tønnesen forklarar det med at koronarestriksjonar ikkje lenger hindrar det årlege sommarstemne deira og at ein har auka utleigeaktiviteten i Sarons Dal Arena.
Tønnessen trur difor selskapet vil ha snudd skuta når rekneskapen for 2023 er klar.