UNDERSKOT: Glenn Tønnessen i Sarons Dal Arena er ikkje bekymra sjølv om Sarons Dal AS går i minus år etter år.
Johanna Hundvin ALmelid
Sarons dal har tapt over ti millionar kroner
– Vi er på etterskot, seier Glenn Tønnessen i Sarons Dal Arena.
Eigedomsselskapet til misjonsorganisasjonen Troens Bevis, Sarons Dal AS, har dei siste åra hatt blodraude tal.
No er heile eigenkapitalen på 10,1 millionar kroner tapt, ifølge årsrekneskapen for 2022.
Det får likevel ikkje Glenn Tønnessen, leiar av selskapets største eigedom, Sarons Dal Arena, til å bekymre seg.